Morgontrim
Ein rask tur før jobb for å finne dei tre postane ved Vessverket- Vik me ikkje rakk i går. Då eg starta turen såg eg ein hjort som gjekk over vegen. Det hadde snøa om morgonen og litt lenger oppe såg eg faret etter ein hare. På post 9 snøa det tett. Slik kan det også vere ein 2. mai…