Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Førde IL Orientering

sesongen er i gang

Hva er turorientering

Turorientering er ein aktivitet utan tidtaking og utan faste turdagar. Du kan springe aleine, eller gå saman med heile familien. Her kan du se ann været til det er flott nok for deg! Løypene ligger der uansett. Vi legger turorienteringa opp som turar med ferdige løyper, graderte med fargeskala etter vanskegrad.  «Grøn tur» er den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg i lett terreng. Vanskegraden og utfordringane vil auke gradvis via «Raud tur» opp til «Svart tur».  Og blir tida for kort eller turen for lang, så kan du dele opp turen i fleire mindre deler og ta dei over fleire dagar.

 

Sesongen 2017 er nå i gang. Turer legges ut fortløpende etterhvert som de blir klare!

 

Førde IL Orientering tilbyr i år turar/løyper på følgjande kart:

  • Kombinert Grønn (lett) tur og svart (krevende) tur fra Sundsdalen. Veibeskrivelse: Fra Sunde, mellom Førde og Jølster, ta av mot Sundsdalen. Kjør opp og gjennom byggefeltet. Parkering langs veien inn til Vassverket.
  •  
  • Grønn tur fra Ulvedalane. Veibeskrivelse; Fra Moskog, mellom Førde og Jølster, ta av E39 i retning Gaularfjellet. Etter om lag 2 kilometer, når det blir flatt, så er det en liten rasteplass på venstre side av veien. Parkering her.
  •  
  • Svart tur i Viestølsmarka i fjellterreng med mange utsiktspunkt. Bør tas på en solskinnsdag! Veibeskrivelse: E39 i retning fra Førde mot Vadheim. På venstre side 600 meter sør for rasteplassen langs Langelandsvatnet så går det av en liten grusvei. Parkering på en liten plass her.
  •  
  • Grønn tur Førde sjukehus (fotoorientering).  (IKKE LAGT UT ENDA)
  •  
  • Rød (middels) tur Kinna. Veibeskrivelse: Fra Sunde, mellom Førde og Jølster, ta av mot Sundsdalen. Kjør opp og gjennom byggefeltet og etterhvert ta til venstre mot Kinna. Etter 2 kilometer er det to gårder. Parkering ved tømmervei på høyure side etter den andre gården.

Turane er tilgjengelige til midt 1.oktober. Tre av turane er grønne og passer ypperlig å ta med selv de minste barna på. La det bli en skattejakt!

Foto-orientering. Også i år har vi et opplegg med foto-orientering i Førde sentrum. Foto-orientering går ut på å finne «postar» ved hjelp av fotoutsnitt av ymse detaljar i terrenget/ gatene.  Her er det ikkje sett ut  postar eller merke på den aktuelle «posten».

Kjøp turorienteringsposar her eller hos Erdal Sport. Alle kart med turar er til sal her. Dette innber at dei som registrerer seg her kan velje ein tur, betale via nettet, og deretter laste turen ned som ei PDF-fil. Frå denne fila kan ein skrive ut eit kart med innteikna postar pluss eit ark (klippekort) med postomtale. Ved kjøp via nettet er prisen 200 kroner for alle turane samla, eller 50 kroner per enkelttur. Turorienteringsposar er til sal hos Erdal Sport AS. Prisen er då 250 kroner pluss 20 kroner for kvart ekstra klippekort.

Registrering av postar. Kontrollkodar på postane kan du anten registrere på kontrollkortet, eller på nett ved å logge deg inn på www.turorientering.no/forde.  Ein smart måte til å registrere kodane er å ta bilde av posten med mobil eller fotoapparat, og føre over på kontrollkortet seinare.  Hugs å ta med blyant for å notere kontrollkodar dersom du ikkje tar bilde av posten.

Levering av kontrollkort. Ved registrering på nett treng du ikkje å sende inn kontrollkort. Alternativt sender du kontrollkortet innan 20. oktober til: Kjartan Hauger, Ålhus, 6847 Vassenden.

Sesongavslutning. Etter sesongen så vil vi invitere til sesongavslutning og premiering i samarbeid med orienteringsgruppa. Meir informasjon kommer når november nærmar seg.

Nærløp kvar onsdag. Førde IL orientering arrangerer gjennom sesongen nærløp kvar onsdag frå kl 18. Her kan du velje alt frå enkel nybegynnarløype til krevjande orientering for den erfarne. Liste over nærløpa finn du på nettsida http://orientering.fordeidrettslag.no/.