Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Os OK

sesongen er i gang

Orienteringsklubb (Os Ok) er ein ny orienteringsklubb stifta 11.12.2014. I 2017 tilbyr vi tur-orientering i 4 område i kommunen med til saman 99 postar.

Vi håper at vi også i år kan få til ei løysing der karta med postane på Osøyro (23) kan hentast gratis i rådhuset på Osøyro i tillegg til at det ligg i alle tur-o konvoluttane. Det same gjeld den grønne turen på Varåsen kartet. I Varåsen og på Nore Neset er nokre postar stolpar og nokre tradisjonelle tur-o postar. På Hatvik-Bjånes er det berre tradisjonelle tur-o postar.

I samband med "Os internasjonale skulptursymposium" 25.juni - 10.juli er vert det ein post i Vognhallen.
Ein av postane står inne på Amfi senter og kan derfor bare tas i åpningstide på senteret.

I tillegg vert det vel 20 postar på Nore Neset og 20 i Hatvik-Bjånes området.
Alle karta er tilgjengeleg i tur-o konvoluttane våre og vil vera mogeleg å få kjøpt på utsalgsstadene.

På heimesidene våre finn du meir informasjon om klubben og dei tilboda vi har.
Frå 2017 er det mogeleg å inngå turmedlemskap i klubben. Som turmedlem får du 50% rabatt på tur-o konvolutten og du får være med på treningar (med eller utan tidtaking), og du vert invetert til klubbens sosiale arrangement. Prisen for et turmedlemskap er kun kr.200 pr. år.
Vi har plass til mange nye medlemmer i klubben, meir informasjon finn du her:  http://www.osok.no/om-oss/bli-medlem/

Vi har postar ved mange kulturminner. I tur-o konvolutten får du informasjon om desse. På dei postane med kulturminne som ikkje er med i foto-orienteringa vil det være en QR-kode du kan skanne for å få opp historia (og meir til). I tur-o konvolutten finn du også omtale av kulturminna frå foto-orienteringa.

Nytt i år er eit samarbeid med Fana IL om turorientering for funksjonshemma. På Osøyro kartet er det tilrettelagt 17 postar som er tilrettelagt for dei som bruker rullestol, dei passar og fint for deg som har sykkel eller barnevogn. På Varåsen er det også ei slik løype som har 8 postar. Funksjonshemma som merker av for dette stiller i eigen klasse med ekstra premiering. Det er og mogeleg å oppnå tur-o merke i bronse (15 poeng). For å oppnå tur-o merke i sølv (30 poeng) eller gull (45 poeng) må du i tillegg ta postane på den grønne turen til Fana IL. Du må registrere deg som deltakar hjå begge klubbane.

Oversikt over merkekrav (poeng) for tur-o merke 2017:

|  Alder     |  Bronse  |  Sølv   | Gull  |
|     0-7     |     30      |     50   |   70   |
|     8-12   |     40      |     70   |  100   |
|   13-69   |     70      |   100   |  130   |
|   70-79   |     40      |    70    |   100   |
|    80-      |     30      |    50   |    70   |
|    0-        |     15      |   30    |   45   |   Gjeld berre funksjonshemma deltakarar.

God tur!