Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Sogndal IL

sesongen er avsluttet

TURORIENTERING 2016

Turorientering er eit trimtilbod for alle aldersgrupper. Det går ut på å finne postar som er plasserte ute i terrenget. Eit av formåla er å oppmuntre til å legge turen til nye stader.

Postane er grupperte etter vanskegrad i grøn, blå, raud og svart tur. Dei grøne er for dei som ikkje har prøvt orientering før. Postane ligg ved vegar, skogsvegar og er i tilgjengelege med sykkel og barnevogn. Dei blå ligg også på eller ved stiar. Dei raude ligg litt lenger unna og bruk av kompass er ein fordel. Dei svarte ligg lengst unna, og krev noko orientering inn mot posten. Kompass og litt erfaring er ein fordel for å finne dei.

Grøne turar er gratis.

Kjøp:  På nett på denne sida.

Du kan klippe postar på denne sida. klikk på poster i venstre menyen.

Deltakarane får poeng for kvar post dei er innom. På kvar post er det eit nr.(kode): døme G1 og en bokstavskode. For kvar post ein er innom, noterer ein koden på kontrollkortet.

Postane er små stolpar med raude og kvite merke.

GOD TUR!      

Helsing Sogndal IL, O-gruppa