Stord Orientering arrangerer kvart år STORATRAVEN og LITLATRAVEN der me legg ut 90 postar i terrenget frå midten av Mars og fram til 31.August
STORATRAVEN har ulik vanskegrad frå lett til utfordrande ( men ikkje nødvendigvis vanskelige) postplasseringar. Ein må gjera rekning med å bli våt på beina :-)
LITLATRAVEN har lett vanskegrad på postplasseringane. Dei er knytta tett opp mot sti og skogsveg system kor ein delvis greitt kan ta seg fram, men avstikkarar ut i terrenget må ein ta høgde for.
Begge turpakkane er eit flott og kjekt tilbod til deg som vil kombinera trim og friluftsliv. Ta med deg familie/vener og dra ut på postjakt!
Når du har kjøpt turorienteringspose - sjå under - oppfordrar me deg til å registrera dine "postplukk" her på nett ved å oppretta ein brukar (oppe til høgre på denne sida) og seinare logga deg inn med denne. Då kan du også "konkurrera" med andre kjenningar og sjå korleis du ligg an i poengsamandraget :-)
Turorienteringspose med kart og informasjon kostar kr 150 for Storatraven. Litlatraven kostar kr 100. Du får kjøpt dette følgjande stader:
Sport 1- Stord Senter, 3.etg (Amfisenteret)
Sykkel og Sport - på Heiane
Delli de Luca , (Esso) - i Sæ
Kontaktpersonar: Arne Henrik Hovden , 951 18640
Arne Henrik Hovden mob 951 18 640 tur-o ansvarleg
Jon Magne Bratseth, mob 900 76 776 Storatraven
Even Rolfsen mob 996 19 314 Storatraven
Steinar Slettemark, mob 949 87 817 Storatraven
Gerda Øen, mob 909 94 156 Litlatraven Jan Ove Øen mob 901 43 201 Litlatraven
Meld frå om postar er borte!