Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Sveio OL

Fra og med søndag 1. april er ulike 70 tur-o-postar klar for besøk. Årets tilbod er spreidd rundt i store delar av kommunen. 20 av postane utgjer tilbodet om Barnas Tur-o, noko som også er eit glimrande tilbod til alle andre som vil prøva turorientering for første gong

Hovudpakka har fem ulike kart i årets tur-o-konvolutt.
Lengst nord i Sveio kommune finn du tur-o-postar på Tittelsnes ved bruk av det nye kartet Festningen. Vidare sørover blir det sett ut postar på Einstabøvoll med turmål frå sjøkanten til halvvegs i høgda opp til Sveios høgaste fjell, Trodlavassnibba. Ved hjelp av Førde-kartet får du ein spennande tur rundt Lierfjell. I Auklandshamn kan du ta turen rundt Storavatnet og halvvegs til Emberlandsnipen. Ved Fjellstad finn du postar på begge sider av Paddevegen.

Foto-orientering
På nettsidene våre, www.sveiool.org, finn du kart til foto-orientering for både Førde og Sveio sentrum.