Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Tambarskjelvar IL (Naustdal)

sesongen er i gang

Over alt i Naustdal

Tur- orienteringa 2017

Då er 45 postar på plass! I Helgåsmarka, ved Skardkletten (Andal/Einevoll), ved Instedalen skianleg, Finkenova (Vonavatnet) og i Vevring.  Nokon er  lette å finne og andre litt vanskelegare. Det skal vere litt for ein kvar smak, både store og små. I år vil vi også arrangere stolpejakt med førti postar eller stolpar. Det er tenkt som eit lågterskeltilbod. Det kjem eigen informasjon om det.

Ta kontakt med andre og få dei med på tur! Mange veit ikkje kor kjekt det er å gå etter kart! På tur-orientering kjem du stadig på nye stader. Difor er det ein fin måte å bli kjend i heile Naustdal på!

Du finn oss på internett: turorientering.no.  Der kan du sjå postane på kart og registrere når du har vore på dei. Posisjonane (lengde- og breiddegrader) finn du også på nettet. Du kan også laste ned ein eigen app og registrere direkte i den når du er på tur.

OMRÅDE OG KART

I år har vi lagt ut  postar i åtte ulike område. Karta og områda er:

1. Helgåsmarka                               Orienteringskart                 1:7500          11       postar

2. Instedalen skianlegg                   Orienteringskart                  1:5000          5         postar

3. Tuftetjønna (Ramsdalsheia)       Orienteringskart                  1:7500          8         postar

4. Skardkletten (Andal)                  Turkart                                  !:15000         6         postar

5. Vevring                                       Turkart                                 1:15000        5         postar

6. Finkenova (Vonavatnet)              Orienteringskart                 1: 7500         11       postar

 

Postane er markert med eit plastflagg med postnummer og kode. Postane skal vere godt synlege når du nærmar deg der dei. 

 

PREMIERING OG MERKE

For å motivere til å fullfører heile eller delar av opplegget, vert det delt ut merke i bronse, sølv eller gull. Er du med over fleire år får du plakettar i bronse, sølv og gull.

Det vert sett mindre krav til dei yngste for å oppnå dei ulike merka. 

Finn du  alle postane oppnår du 497 poeng.

For denne sesongen har vi desse merkekrava:

                       Over 12 år        Under 12 år            

Gull:             350  poeng        250  poeng

Sølv:             200  poeng        150 poeng

Bronse:         150  poeng          75 poeng

 

Når du har greidd gullmerket fem gonger får du bronseplakett, ti gonger sølvplakett og 15 gonger gullplakett. Etter det er det 20-, 25- og 30-års plakettar. I Naustdal har vi halde på med opplegget i snart 25 år og fleire har oppnådd bronseplaketten og etterkvar nokre også sølvplaketten.

Alle som deltek får diplom.

Ekstra: Vi trekker ut fire ekstrapremiar mellom alle som deltek, bøker om friluftsliv og kompass.

REGISTRERING OG KONTROLLKORT

Vi ynskjer at alle som går tur-orientering skal registere seg slik at vi veit kor mange som nyttar seg av tilbodet, og du får merke og kan vinne ein premie.

På kvar post er det ein kode som du kan notere. Du kan nytte nettet (turorienering.no) eller du kan skrive koden på postbeskrivelsen og sende det inn ved slutten av sesongen.

Kvar post har ein raud/kvit med bokstav/talkode på.

Postbeskrivelsen med kodar kan du sende til:

Åsmund Berthelsen,

Bekkevegen 13,

6817 NAUSTDAL        

innan 1. november 2017

 

PÅ NETTET

Nettadressa er: http://turorientering.no/tambarskjelvar

 

Er det noko feil med postane ber vi om at du tek kontakt på telefon 93237073 eller du kan sende e-post til asmund.berthelsen@icloud.no    

Beste helsing

Ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar        Åsmund Berthelsen (93237073)