To flotte turar!
No er postane i Sundeåsen (Instedalen) og ved Naregga (Helle) lagt ut. Det vart to fine turar i går laurdag og i dag sundag. Frå å oppleve ein våryr Styggelifoss til å ha synet av Heilefjellet med seg på store delar av turen.
Håpar at karta er klare om eit par dagar. Postane på Ramsdalsheia/Tuftedalen er ikkje lagt ut. Det skjer når snøen er borte. Satsar på at alt er til sals om ei veke, men kart med postane vert lagt ut på tambarskjelvar.no etter kvart som dei er ferdige.
