Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Vikebygd IL o-gruppa (Vindafjord)

sesongen er avsluttet

Velkommen til Vikebygd IL o-gruppa si turorientering på nett.

Sesongen 2017 er i gang. På desse sidene kan du gå inn og "klippa" postane du finn.
Du må logga deg inn som ny brukar, og søka opp Vikebygd IL. Dermed er du i gong.

Det er karta "Fosselsliå-Skreå" og "Malasetvatnet" som er karta i årets pakke.
Pakken er delt inn i to turar, men du kan sjølvsagt ta postane akkurat i den rekkefølga du sjølv vil.
Målestokken til karta i pakken er 1:10000.

Du er velkommen til å skriva i turbloggen, og du kan også legga inn turfoto.

Post 15 og 21 er såkalla bokpostar. Det ligg ei bok i ein kasse ved kvar av desse postane. Skriv namnet ditt i boka, og du er med på trekning av ekstra premiar etter sesongen. Du kan gå innom fleire gonger om du vil. Vinnarsjansen aukar med talet på gonger du skriv namnet ditt i bøkene.

Lykke til med postjakta og registreringa på nett!

Helsing Vikebygd IL o-gruppa