Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Voss IL

Voss IL har ingen aktiv sesong med info enda. Kontakt gjerne Voss IL på e-post ogruppa.voss@gmail.com for å opplyse om dette.

O-gruppa i Voss IL arrangerer fleire opplegg for Tur-orientering. Det er ulik start på opplegga, nærtrim er på plass i slutten av april. TurO pakken er klar frå fyrste mai, men det er enno snø i nokre av områda. Turane vert sett opp seinare. (juni)


- Nær-Trim (grøne turar) i Bømoen har 30 postar. 
- Tur-O 2017 har 40 postar på 3 ulike kart:Storåsen (10), Hangur - Kvålsåsen(20) og Lemmesmarki (10).
- Enkelt-turar med ulik vanskegrad. Enkeltturane må lastast ned og skrivast ut. Postane på desse turane er eit utval av postane i pakka 
  Tur-O 2017.

Postane er på plass frå fylgjande datoar:
06.05: Storåsen
25.05: Hangur - Kvålsåsen
25.05: Lemmesmarki.

Prisar:
Tur-O 2016 med 3 kart og 1 kontrollkort kr 150.-.  Ekstra kontrollkort kr 25.- pr. stk.
Nær-Trim med 1 kart og 2 kontrollkort kr 50.-. 

Til sals hjå
O-gruppa, Sport1 på Amfi, Endeve Sport i Vangsgata og Destinasjon Voss i Skulegata (tidlegare Posten),
Nærbutikken Dyrdal Haugamoen (Nærtrim) 
Tur-O 2017 kan også kjøpast via nett. Porto + kr 25.- pr. pakke/konvolutt.

O-gruppa arrangerer også treningsløp og o-løp i sesongen som startar etter påske og sluttar omkring haustferien.


SUNDAG 14.MAI: FINN FRAM-DAG ved leiren i Bømoen sundag 14.5. kl. 11-14. Aktivitetsdag for familien med løype tilpassa barnevogn, trenings- og EKT-løype. Sal av tur-O og nærtrim (kun kontant). Kafé. Premie til borna.
SUNDAG 11. juni, kl.12.00 - 15.00: Bonuspost 17 B i Lemmesmarki. Enkel servering. Enkel Quiz.