Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Fitjar IL

sesongen er avsluttet

NB! Postar i Midtfjellet er ikkje på plass enno grunna sein vår. Postane ved Surefjellet og Veksli/Svartasmoget er på plass.

Fitjar IL har kvart år sidan 1974 arrangert TurOrientering. I år har me 3 forskjellige opplegg:
TurO, «Grøne løyper for alle» og Ny Stolpajakt.

TURORIENTERING.

TurO i tradisjonell meining. Me har lagt ut 35 postar i Midtfjellet, Surafjellet og Veksli/Svartasmoget. Postane er gradert grøn/blå/raud/svart, etter kor vanskelig dei er plassert eller kor langt det er å gå frå parkering.

GRØNE TURAR FOR ALLE.

Dette er postar som er plassert i sentrum og nær bustadområde/skular. Postane ligg lett tilgjengelig langs turvegar og dei kan finnast utan vidare trening i bruk av kart og kompass. Desse kan også nåast ved bruk av rullestol.

FITJARDILTEN

TurO og Grøne turar for alle får du tak i ved å kjøpa TurO -pakken FitjarDilten. Den inneheld det du treng av materiell for å finna postane. Begge kan også lastast ned frå nettsidene Turorientering.no.

REGISTRERING.
Me oppfordrar alle til å registrera postane på Turorientering.no. der kan du halda fylgje med di poengsamling og også konkurrentane sine.
Dette er også til hjelp for oss når me skal senda informasjon til O-forbundet om aktivitet, som igjen har med tilskot å gjera.

NY STOLPAJAKT

I år har me oppgradert Stolpajakta slik at det svarar til opplegget til Foreningen Stolpejakten. Stolpane kan registrerast på staden ved hjelp av ein app på mobilen. Me lovar på fine premiar.
Sjå meir info på Stolpejakten.no.

Stolpajakt er ikkje med i TurO pakken men vert distribuert til alle husstandar i Fitjar, og kan finnast gratis på salgstadene og i FKIB, og kan lastast gratis ned på telefon frå Stolpejakten.no

Kulturminne.
Dei fleste postane i Grøne løyper for alle og Stolpajakt er plassert nær kulturminne. Det kan vera bustadområde eller gravminne frå steinalder og vikingtid. Kongsbrunnen, Rimsvarden og steingardar er døme på slike. På nettsida ligg det lenke til desse, og du kan lesa meir på Kulturminnesøk.no.

Medlemskap.
Ved å betala medlemkontingent støttar du vår arbeid for barn og unge, men du kan fritt delta i og registrera TurOrientering utan medlemskap.

Salgstader.
FitjarDilten: Spar Larsen, Fitjar Videokiosk, Fitjar Fjordhotell,
Stolpajakt: som over, pluss FKIB(kun Stolpajakt og Grøne Turer)

Prisar
FitjarDilten;         kr.150,-. Medlemmer kr.100,-.
Ny Stolpajakt:     Gratis.
Medlem-ikkjeAktiv: 200,-.

Kontaktar i Ogruppa:
Funksjon Namn                E-post                    Telefon
Leiar: Øyvind Skålevik, oskalevik@gmail.com, 909 49 958,
Nestleiar: Sigmund Sætre, si-saetr@online.no, 906 02 553,
Info/kart/trenar: Rolf-Atle Rolfsnes, rolfatle.rolfsnes@gmail.com, 91513024,
Trenar: Geir Arne Isdahl, geirarne@fmvas.no, 97438797,
Tur-O: Per Audun Kloster, per-audu@online.no, 95743190,
Tur-O: Harald Westerheim, harald.westerheim@haugnett.no, 97485590,
Kart/Trenar: Jens Kloster, jensklosser@gmail.com, 90170429,

Fitjar IL og Ogruppa sine nettsider: http://fitjaril.no/

Karttegn for nybegynnar:
http://www.o-skolen.no/dokumenter/1270559268-NOF_KARTTEGN_NYBEGYNNERE_2010.pdf