Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Sesong slutt

So var det slutt på årets sesong. Takk til alle som har vore i skogen å leita etter postar, og som har registrert dette på nettsida. Me håpar de har hatt mange fine turar.
Spesiell takk til Tora og Torvald som har samla inn postane siste veka, i god tid før hjortejakta tek til.
Me håpar å vera tilbake neste sesong med nye postar, til glede for store og små.

Søndagstur på "Sæterbø", 24.08.08

Turorienteringssesongen går mot slutten, og ungane er ivrige etter å finna fleire postar, før dei forsvinn. Perfekt turver, med delvis overskya og 18 grader i lufta var eit flott utgangspunkt. Med støvlar på beina (kom godt med) og nista i sekken sette me kursen innover ved Rydlandssaga. 5 ungar og 3 vaksne. Me var innom 5 postar før me tok rastepause ved Svalevatnet. Ungane var gira på å fortsetja, så etter ein god pause orienterte me oss fram til 3 til postar før me vende nasa heimover igjen. Etter vel 3,5 time ute i marka var me tilbake i bilen, og ungane kunne telja over kor mange poeng dei hadde klard å samla i dag og kor manga flottar som måtte plukkast av når me kom heim, og det var mange av begge deler..... Helga og Marte Rimmereid

Svartavatnet

No har vi hatt vår første tur på Fitjarfjellet, og det var kjempefint. Når sola skin, gjer det og sitt til ei flott oppleving. Vi gjekk til Svartavatnet. Prøvde å finne nokre postar undervegs, men med gutar på 4, 6 og 7 år i shorts og joggesko - då var det ikkje lett å gå i brake og høgt gras...., så vi ga opp den tanken. Godt at det var nokre postar som låg nærmed vegen. Turen ga meirsmak, så vi blir nok flittige brukarar av fjellet.

Kveldstur i solnedgong

Etter ei fantastisk helg med stort sett roleg tempo var det godt å ta seg ut i fjellet. Fant fort ut at orienteringsevnen har blitt svekka med åra, og at kortbukse i brakeskog er lite heldig for solbrente legger. Men turen var ellers strålande. Starta på Rimbareid med post4, deretter ned til Vik, og tok post 5-15 i stigande rekkjefølgje. Etter 1,5 timer var det godt å setje seg på sykkelen og vende turen heim igjen, med gauken som forsanger.

Nå er eg klar

Etter ein fantastisk maimåned og flotte turar i fjellet er eg no klar for å utforske nytt terreng. No er kartet kjøpt inn, og eg gler meg til å setje igong.

Langfredag

Flott vær for ein ettermiddagstur. Start frå Vassverket oppover vegen mot Svartavatnet. Postane på oversida av Plantefeltet er greie å finna når ein følgjer stien sørover. Det låg snø etter dagen før, og denne saug krefter, men det er ein fin tur i fritt terreng fram til Botnavassveien. Og med flott utsikt.

Skjærtordagstur

Denne dagen sludda det ullfiller, men kva so? Eg måtte ein runde idag og. Rimbareidfeltet har god parkeringsplass, og i alle høve når ein skal heilt åleina i skogen. Postane langs fjellstigen frå Vik er ikkje dei lettaste å finna, og når det la seg snø på postane måtte ein i alle fall komma frå le-sida for å sjå dei. Ein times vassing i slaps fekk greia seg, men etter ein varm dusj heime var formen på topp.

Rossneset

Palmesundag gjekk turen til Rossenset.Vilde (6 år) og Linnea (3.5 år) var topp motivert for å finna postane. Været var fint og sekken var full av godsaker. Planen var å finna alle 5 postane, men me måtte gi tapt på dei 2 første pga 2 veldig våryre hestar som galloperte i stor fart på veien. Men inni skogen fekk me vera i fred og sjølv om det var svært bløtt, var det veldig kjekt for jentene å finna postane.
Besøkte postar: post 18, post 19, post 20.

Rydlandssaga til Sæterbøsåta og Vekslinuten

Palmesundag morgon starta med blå himmel men berre 1 plussgrad. Frå Rydlandssaga gjekk turen i skinande sol, på god tursti til Fuglavatnet. Svalevatnet like nord låg blikkande stille, med Stordafjellet snøkledd i bakgrunnen. Vidare går turen mot Sæterbøsåta lett og flatt på hjortetrakk. Terrenget her er lett å gå i, open lynghei og gode trakk. Nordover har du verdens flottaste utsikt mot Fitjar.
For den som vil ha ei anna rute på returen, er det ikkje langt bort til Vekslinuten, slik at ein kan gå innom postane der og lans traktorvegen sørover. Mellom post 34 og 22 er det god sti gjennom skogen tilbake til Rydlandsaga. Litt blautt var det enkelte stader på turen, men det får ein sko seg for.