Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Sesong slutt

So var det slutt på årets sesong. Takk til alle som har vore i skogen å leita etter postar, og som har registrert dette på nettsida. Me håpar de har hatt mange fine turar.
Spesiell takk til Tora og Torvald som har samla inn postane siste veka, i god tid før hjortejakta tek til.
Me håpar å vera tilbake neste sesong med nye postar, til glede for store og små.

Langfredag

Flott vær for ein ettermiddagstur. Start frå Vassverket oppover vegen mot Svartavatnet. Postane på oversida av Plantefeltet er greie å finna når ein følgjer stien sørover. Det låg snø etter dagen før, og denne saug krefter, men det er ein fin tur i fritt terreng fram til Botnavassveien. Og med flott utsikt.

Skjærtordagstur

Denne dagen sludda det ullfiller, men kva so? Eg måtte ein runde idag og. Rimbareidfeltet har god parkeringsplass, og i alle høve når ein skal heilt åleina i skogen. Postane langs fjellstigen frå Vik er ikkje dei lettaste å finna, og når det la seg snø på postane måtte ein i alle fall komma frå le-sida for å sjå dei. Ein times vassing i slaps fekk greia seg, men etter ein varm dusj heime var formen på topp.

Rydlandssaga til Sæterbøsåta og Vekslinuten

Palmesundag morgon starta med blå himmel men berre 1 plussgrad. Frå Rydlandssaga gjekk turen i skinande sol, på god tursti til Fuglavatnet. Svalevatnet like nord låg blikkande stille, med Stordafjellet snøkledd i bakgrunnen. Vidare går turen mot Sæterbøsåta lett og flatt på hjortetrakk. Terrenget her er lett å gå i, open lynghei og gode trakk. Nordover har du verdens flottaste utsikt mot Fitjar.
For den som vil ha ei anna rute på returen, er det ikkje langt bort til Vekslinuten, slik at ein kan gå innom postane der og lans traktorvegen sørover. Mellom post 34 og 22 er det god sti gjennom skogen tilbake til Rydlandsaga. Litt blautt var det enkelte stader på turen, men det får ein sko seg for.