Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Sesong slutt

So var årets sesong over, og Torvald og Tora har teke på seg å samla inn postmarkørane. Dei skal vera henta frå terrenget før hjortejakta startar.
Registrer funna dine på nettsida. Merker får du m.a. kjøpt hos Øyvind på Vestbøstad. Me håpar at du har hatt mange fine turar i skogen, og at du blir med neste år og. Me skal gjera vårt beste for at du får passande utfordringar.
Kanskje du kunne tenkja deg å vera med på vanleg orientering, kan du ta kontakt med oss i O-gruppa for meir informasjon. Det er ikkje så alvorleg som det ved første auge-kast kan synast. Du finn heilt sikkert eit passande nivå å starta på, og kan gå vidare etter kvart som du kjenner deg trygg. Me kjem nok til å halda eit nybegynnarkurs om ikkje lenge, og me arbeidar med å få laga nye og betre kart.

Spreke gutter på tur

Kristi Himmelfartsdag drog ein gjeng med spreke gutter på tur sammen med to spreke mødre. Me hadde flott vær post 1,2,3,4,5,6,7,9,10,11,12,13 og 14. Når me akkurat hadde funne post 8 på vei heim begynte det å hølje ned. Men kva gjer det å bli dyvåt når me kan kjøre heim å bytte i full fart, for etter det venter Videoen. Kjempe kos. Ikkje så gale når minstemann på laget var 5 år. Slå den.

Flott dag på Surafjedle

Me har hatt ein kjempeflott dag i Surafjedle. Heile familien storkosa seg med å finne poster. Takk til alle som er med å legga dette til rette for oss, som berre kan ta beina og kartet fatt og labba i vei. Me anbefaler denne turen på det sterkaste. :-)

Lang veg til posten :-)

I dag har vi hatt ein fantastisk dag på Fitjar-fjellet. Vi starta på Vestvik og satte kursen mot Tindane.Barnas Turlag har toppen som ein av sine topptrimturar. Kjempefint der oppe, og vi anbefaler alle å besøke Tindeslottet. Om nokon ikkje har fått tak i klyppekortet til Barnas Turlag, så får de kjøpt det hos Rolf-Atle Rolfsnes eller Hilde Førre. Nedturen gjekk forbi Mosavatnet og til Svartavatnet, der vi fann post 44. Ein fin og god sti. Deretter gjekk to av oss heim via Svartavatnet og fann eit par postar til, medan dei to andre gjekk tilbake til Vestvik.

Ein rundtur vi vil anbefale!!!

Nøkkel funnet

Vi fant en (hus?)nøkkel ved post 21. Nøkkel merket trioving festet til hvit strikk. Savner du den ta kontakt på tlf 99012348.

Surefjellet

En flott dag med turorientering ved Surefjellet. Nydelig vær, fant nesten alle postene. Supert turområde for små og store dette, men ganske vått, støvler er lurt.