Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Sesong slutt

So var årets sesong over, og Torvald og Tora har teke på seg å samla inn postmarkørane. Dei skal vera henta frå terrenget før hjortejakta startar.
Registrer funna dine på nettsida. Merker får du m.a. kjøpt hos Øyvind på Vestbøstad. Me håpar at du har hatt mange fine turar i skogen, og at du blir med neste år og. Me skal gjera vårt beste for at du får passande utfordringar.
Kanskje du kunne tenkja deg å vera med på vanleg orientering, kan du ta kontakt med oss i O-gruppa for meir informasjon. Det er ikkje så alvorleg som det ved første auge-kast kan synast. Du finn heilt sikkert eit passande nivå å starta på, og kan gå vidare etter kvart som du kjenner deg trygg. Me kjem nok til å halda eit nybegynnarkurs om ikkje lenge, og me arbeidar med å få laga nye og betre kart.