Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Fin tur i Fitjarfjellet

Me hadde ein flott tur frå Landa, via Landasåto til Svartavatnet i går kveld. På turen var me òg innom nokre av turo-postane.

Ved Svartavatnet slo me opp teltet og laga gryterett på stormkjøken, før me avslutta dagen med litt fisking i vatnet.

I dag stod me opp i 9-tida då sola varma godt på teltduken, og turen gjekk etterkvart vidare til Tindane. Me avslutta i Vestvik etter å ha sett både hare og hoggorm på vegen.

Turorienteringstur i Rossneset på palmesøndag

Me hadde ein fin tur på jakt etter postar i Rossneset på palmesøndag, etter at det hadde slutta å regna. Turen baud på spennande og kjekke opplevingar som ein hoggorm ved post 24, røyksopp ved post 23 og eit ekorn som viste veg ved post 22. Ein kjekk og grei tur, sjølv om me tok den motsatt veg enn det anbefalinga sa ;-)

Tur Orientering 2011 klar for salg

Fitjar sine TurO-posar er på plass på dei 3 butikkane som skal selgja dei for oss.
Viss Sigmund ikkje var heilt på jordet i skodda sist helg så er alle postane på rett plass i terrenget og. Fint om me kan få rask tilbakemelding om noko skulle vera feil.

Utlegging av poster Midtfjellet.

Torsdag kveld på styremøtet takka eg ja til å plassera ut postane 10 til 20 på Midtfjellet. Såg for meg ein fin tur på nya kartet.
Allerede om kvelden begynte de å snøa og fredag morgon var det komt ein del snø.Tur-O sesongen skulle starta lørdag den 26, så eg haddde ikkje så mykje valg.
På veien opp til Olstjødna låg det ca. 10 cm snø og det var litt trått å ta seg fram. Kl. var 10.30, men eg var ikkje den einaste som var på vei oppover. Det var ferske spor i snøen. Ved Olstjødna trefte eg på ein person på veg nedover.
Det var greit å få lagt ut post 20,19, men på vei mot post 18 var det meir snø i terenget og tyngre å gå. Skodda begynte å siga innover og eg hadde ikkje kompass med meg. Eg la i veg mot post 10 og fekk plassert den, samtidig som skodda ble tettere og tettere.
Det var ein sti fram til post 11. Runt plaseringspunkte til post 11 var det mykje snø men fant plass til den og. Der blei skodda tettare, ca. 5m sikt men pga.snøen var det ikkje sikt i det heile. Bestemte meg for å legga ut post 17, nede med Svartavatnet. Fann retningen med å runda nokre skrenter og så berre traska i vei. Såg at de ikkje var store skrenter som ein kunne falla utfor. De var ein stor utfordring med mykje snø i terenget og Svartavatnet dukka ikkje opp. Lurte ei stund på om eg hadde tatt ut i feil retning,men så merka eg plutseleg at eg sto ved vann kanten.
Sikten var forsatt 0. Gjekk litt at og fram langs vannkanten for å finna ut kor eg var.No begynte skodda å letna litt og eg fann ut kor eg var. Post 17 ble lagt ut og eg bestemte meg for å forsetta på turen. Gjekk nokre hundre meter til, bort mot ein varde som skulle ligga lengre innved vatnet. Plutseleg forsvant skodda og sola kom fram. Eg sette meg ned ved varden, med kaffi og mat. Sola varmde og det var eit fantastisk syn å sjå innover dei kvitlagde fjelltoppane.
Turen vidare gjekk greit, fekk lagt ut resten av postane og var innom post 2-9 som allerede var lagt ut.
De ligg mykje snø i de øverste områda, men med fint vær er det verdt å ta denne turen.

Sigmund Sætre