Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Fin tur i Fitjarfjellet

Me hadde ein flott tur frå Landa, via Landasåto til Svartavatnet i går kveld. På turen var me òg innom nokre av turo-postane.

Ved Svartavatnet slo me opp teltet og laga gryterett på stormkjøken, før me avslutta dagen med litt fisking i vatnet.

I dag stod me opp i 9-tida då sola varma godt på teltduken, og turen gjekk etterkvart vidare til Tindane. Me avslutta i Vestvik etter å ha sett både hare og hoggorm på vegen.