Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Morgontrim

Ein rask tur før jobb for å finne dei tre postane ved Vessverket- Vik me ikkje rakk i går. Då eg starta turen såg eg ein hjort som gjekk over vegen. Det hadde snøa om morgonen og litt lenger oppe såg eg faret etter ein hare. På post 9 snøa det tett. Slik kan det også vere ein 2. mai…

Tur i skogen 1. mai

Me satsa på turorientering 1. mai. Det var mørke skyer, men me la i veg og starta på post 1. Det byrja å regna etterkvart, og då me var komne til post 5 var det stiv kuling og tette snøflokser. “Eg kan kvila på vinden”, sa Helene. Me var våte då me kom heim, men det hadde vore godt å komma ut på ein frisk tur.

Månadens post

Tysdag hadde me ein tur i det fine veret frå Søre Tjødno til post 43, 44, 45 og 46 (som er månadens post). Det er fin traktorveg ned til Dåfjorden, og ganske grei sti vidare. I skogen nedanfor post 46 er det kjekt å springe slalåm mellom trea, og her blir det samlingsplass på Finn fram dagen 28. april.

Etter kjeks, frukt og saft på post 46, gjekk turen via post 42 og 41 tilbake til bilen.