Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Morgontrim

Ein rask tur før jobb for å finne dei tre postane ved Vessverket- Vik me ikkje rakk i går. Då eg starta turen såg eg ein hjort som gjekk over vegen. Det hadde snøa om morgonen og litt lenger oppe såg eg faret etter ein hare. På post 9 snøa det tett. Slik kan det også vere ein 2. mai…

Tur i skogen 1. mai

Me satsa på turorientering 1. mai. Det var mørke skyer, men me la i veg og starta på post 1. Det byrja å regna etterkvart, og då me var komne til post 5 var det stiv kuling og tette snøflokser. “Eg kan kvila på vinden”, sa Helene. Me var våte då me kom heim, men det hadde vore godt å komma ut på ein frisk tur.