Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Øvrebygda

turen stengte 31. aug

Blå tur til Surefjellet

Post 11 – 20

Parkering ved Øvrebygda skule. Også i år er det lagt ut 10 turO- postar, til/frå Surefjellet. Med utgangspunkt ved skulen, følgjer ein traktorveg nesten til endes, før ein tar av på stien vidare til toppen. På returen følgjer ein stien som til slutt endar tilbake på traktorvegen. Det er ein fin rundtur, kanskje litt for lang for dei heilt minste. Til post 11,12 og 13 er det ein fin oppvarmings etappe, før ein får ein god motebakke opp til post 14. I nærleiken av den er det heldigvis ein benk, til å ta ein pust i bakken. Det er forholdsvis mindre stigning til post 15. Ta stien vidare til post 16 og 17. På toppen av Surefjellet har ein fin utsikt, og kan nyta nistepakken samtidig. Så er det ein god unnabakke, før det flater ut mot traktorvegen og tilbake til skulen. God tur.

Middels tung tur. Ca 2 timer omlag 3 km - 10 postar.

Området turen går i

Siste anmeldelser av turen

Ingen anmeldelser for Øvrebygda enda.