Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Tveitafjellet

turen stengte 31. aug

Raude turar i Tveitafjellet

Post 21 – 28
Parkering på Rimbareid der stien til Botnavatnet startar.
Dei fire første postane ligg langs stien til Botnavatnet, og det kan vera ein idé å leggja turen bort til vatnet før du går tilbake og tar resten av postane. Terrenget er ope og forholdsvis lett å gå i, men det kan vera litt vått og tungt i myrane.

Post 29 – 36 
Parkering på Dalshaugane.
Dei fire første postane ligg langs stien til Botnavatnet, før du svingar oppover og nordvest mot Tveitafjellet. Kanskje det er lurast å gå mot Rompetjødno og runde rundt Tveitafjellet via post 26. Terrenget frå post 35 til 36 kan vera krevjande, og det kan vera fornuftig å gå austover til stien etter post 36, sidan det er bratt og vanskeleg å gå sørover.

Alle postane på ein tur:
Det er òg mogleg å ta alle dei 16 postane på ein tur. Dersom de har to bilar, kan de sjølvsagt ha ein bil på Rimbareid og ein på Dalshaugane. Dersom de startar på Rimbareid og endar opp på Dalshaugane, går det òg an å gå sti frå Tveitasago tilbake til Rimbareid. Kartet er ikkje synfart her, men stien er teikna inn.

Middels tung tur. Ca 3-4 timer, omlag 5 km - 16 postar.                    NB! Kartfila er A3 i tilfelle du lastar ned og skriv ut sjølv!

Området turen går i

Siste anmeldelser av turen

Ingen anmeldelser for Tveitafjellet enda.