Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Førde IL Orientering

Førde IL Orientering har ingen aktiv sesong med info enda. Kontakt gjerne Førde IL Orientering på e-post jostein.fredly@enivest.net for å opplyse om dette.

Turorientering i 2021

Koronapandemien er ikkje over, jamvel om smittesituasjonen i Sunnfjord kommune har vore låg og stabil så langt. Turorientering er ein aktivitet du kan gjennomføre åleine, eller i lag med andre i familien. Det er inga tidtaking og du vel sjølv når du vil ta turen, og kva for tur du vil gjennomføre. Turorientering er derfor ein aktivitet som passar godt når restriksjonar hindrar annan aktivitet. Hugs likevel  at inntil vidare gjeld dei generelle råda for å avgrense korona-smitte:

  • Ikkje gå mange i lag
  • Hald avstand dersom du møter andre på turen
  • Følg tilrådde hygienereglar: Vask hendene, host i albogen, unngå berøring av postane

Opplegg for turorienteringa i 2021

For 2021 er vårt tilbod slik slik:

  • 30 postar i område nær Førde sentrum, pluss Mo og Langeland skisenter. Alle desse er Grøne turar.
  • 40 postar i skogsterreng på følgjande område: Masdalen/Etterlia, Viestølen, Bjørkelia (Jølster skisenter) og Langeland. Dette er turar med ulik vanskegrad (Blå, raud, eller svart tur)

Grøne turar, dvs. den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg slik at turane også kan gjennomførast av rullestolbrukarar. 

Turar i skogsterreng

Vanskegraden og utfordringane for desse turane aukar gradvis frå «Blå tur», via «Raud tur» til «Svart tur», som er den mest krevjande både i lengde og vanskegrad for å finne postane. Blir tida for kort eller turen for lang, så kan du dele opp turen i fleire mindre delar og ta dei over fleire dagar. 

Kjøp og nedlasting av kart

Kart kan du kjøpe og laste ned frå nettet ved å registrere deg på www.turorientering.no. Ved nedlasting frå nettet får du ei PDF-fil, og frå denne kan du skrive ut eit kart med innteikna postar, pluss eit ark (klippekort) med postomtale. Prisen er 50 kroner per enkelttur.

Dersom du ikkje har høve til å laste ned og skrive ut karta, så kan du kjøpe Tur-o pakke med alle turane på Intersport (Erdal Sport)  Pris kr. 200,- . NB! Salg av Tur-o pakke på Intersport (Erdal Sport) vil først vere klar når alle postane for turar i skogsterreng er på plass. Dette vil avhenge av været framover, men vi håpar at alt er klart i miv\dten av mai.

Registrering av postar

Du vil ikkje finne kvitteringsutstyr på postane. Alle postane er med «berøringsfri kvittering», dvs. med bruk av mobiltelefon for å vise at deltakaren har vore innom posten. Alernativt kan du ta med blyant og papir for å notere kontrollkodane. Kontrollkodane registrerer du enklast på nett ved å logge deg inn på www.turorientering.no/forde

Levering av kontrollkort

Ved registrering på nett treng du ikkje å sende inn kontrollkort. Alternativt sender du kontrollkortet innan 20. oktober til: Jostein Fredly, Oliverlægda 14, 6810 Førde.

Sesongavslutning. Etter sesongen inviterer vi til sesongavslutning og premiering.