Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Fleire postar borte ... er det vinden skal tru?

Ein mild men temmeleg våt søndagstur i dag. Hadde pakka Bringelandskartet i plast, klar for ei lita haustbløyte. Med P-plassen ved Svartetjønna som utgangspunkt, vart fyrste målet post 32. Burde vere piece-of-cake trudde eg, men ikkje tale om. Ikkje eit spor. Med litt mindre sjølvtillit var post 36 neste. Men nei. Like tomt der. Hæ. Var eg heilt tullerusk i dag? Eller – ja det var nok det – postane er plukka inn. Eg er nok litt seint ute.
Blaut til skinnet og fin temperatur .. jaja .. då blir det terrengløp i dag. Oppover til post 29 berre for å få bekrefta at postane er tekne innatt. Men der var det ein luring nesten inni granene gitt. Jaha .. så dei er her likevel .. hmmm. Då vart det attende til plan A. Rett vest! Uti myrene.. Men fint likevel på sin måte. Og bra 'fangst’, berre post 30 ved brua let seg ikkje observere. 35 og 31 var nedblåst, prøvde etter beste evne å henge dei oppatt.