Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Debutant

Etter 50 år som aktiv O-løpar debuterte eg dobbelt i dag. For første gong hadde eg kjøpt tur-O med tanke på å ta alle postene. Fin trening og artig med digital registrering. Det andre var debut i Hafstadkleiva. Eg vil seie om det at Hafstadkleiva, den er sikkert ok den. Men den passar ikkje for meg. Eg var glad når eg var oppe ved c4 og kunne komme ut i naturen og nyte den, springe litt, og gå litt på fine naturlege stiar, og ikkje minst nokre gonger komme utanom stiane ved å ta postar på kryss og tvers i lia ned mot Flatene. Sprang så den etterkvart utydelige stien ovanfor ytre Hafstad inntatt mot toppen av trappene. Der var det fint utsyn mot Langebrua. Kanskje blir Hafstadkleiva flott og spektakulær når det kjem lys. Men som mosjonselement – vel, vel – men ikkje for meg. Ros til dei som legg til rette for turorientering. Bra for oss aktive, og bra for dei som vil ha ein roleg tur i naturen utanfor allfarveg.
Helge S.