Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

VELKOMEN TIL TURORIENTERING 2014

Tur-o-postane heng i år ute frå 7. mai til 10. oktober.

I år som i fjor satsar vi på eit opplegg der vi tilbyr «turar» i form av ferdige løyper, graderte med fargeskala etter vanskegrad. «Grøn tur» er den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg i lett terreng. Vanskegraden og utfordringane vil auke gradvis via «Blå tur» og «Raud tur» opp til «Svart tur».

Turorientering på nett
Vi legg også i år ut alle kart med løyper/turar for salg over nettet. Dette innber at dei som registrerer seg på «turorientering.no», kan velje ein tur, betale via nettet, og deretter laste turen ned som ei PDF-fil. Frå denne PDF-fila kan ein skrive ut eit kart med innteikna postar pluss eit ark (klippekort) med postomtale. Registrering av «klipp» kan du også gjera via nettet.

Kart og område i 2014
Bekkjevatnet, Masdal, Grimelandshaug, Vassheia og Kråkenesmarka er valt for turorien–teringa i år. Eit av karta, Vassheia, er ikkje på eit O-kart. Vi håper at også dette fell i smak.

Generelt
Hugs gråblyant for å notere postkodane på kontrollkorta! Om du har gløymt blyant kan du notere koden på mobilen eller ta bilde av posten. Bruk gjerne turorientering på nett for å registrere klipp.

INNSENDING AV KLIPPEKORT:
Når du har avslutta sesongen, kan du seinast 10. oktober sende inn kontrollkorta for registrering til:
Marius Dalin, Flatabakken 3, 6810 FØRDE

Har du nådd kravet til gullmerke i 5 år, har du nådd kravet til bronseplakett. Vidare for kvart 5. år du har nådd kravet til gullmerke vil nye plakettar vere innan rekkevidde.
Merka vert tildelt kostnadsfritt fyrste året du har nådd merkekravet, mens ein for plakettar må betale kostpris. Alle som har merke frå før får diplom om dei ynskjer. Born kan få merke kvart år om dei møter på premiefesten eller nokon tar med til dei.

PREMIEFEST:
Premiefest vert det truleg i november, sjå kunngjering i Firda og på O-gruppa si nettside.
Merka får ein på denne festen. Plakettane vert å få kjøpt på permiefesten. Om du ikkje kan kome på premiefesten kan merke osb hentast etter avtale eller nokon som er på festen kan ta med til deg. GOD TUR-O-TUR! Helsing Turorienteringsrådet