Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Turorientering i Friluftslivets år 2015

2015 er utpeikt som «Friluftslivets år 2015», som del av regjeringa sin Nasjonale strategi for eit aktivt friluftsliv. Målet med året er m.a. å stimulere folk til auka deltaking i friluftsliv, og auke folks medvit og kunnskap om friluftslivets positive effektar for folkehelsa. Friluftslivets år har eiga nettside, http://www.friluftslivetsar.no, der det er lagt ut mykje informasjon om dette aksjonsåret.
Turorientering er friluftsliv
Turorientering er i høgste grad friluftsliv, der vi med enkel tilrettelegging vil stimulere folk til å drive friluftsliv. I tillegg til dei positive helseeffektane som fysisk aktivitet ute i naturen medfører, gir turorientering kunnskapar om å lese kart og finne fram i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass. I ekstreme tilfelle kan slik kunnskap vera livreddande.
Kart og nye område i 2015
Førde IL Orientering tilbyr i år 5 turar/løyper på følgjande kart:
Movika. Lett tur på stig og veg i området mellom E 39 og Movatnet. Start i Movika.
Ulvedalane. Middels tung tur på Skjervane og Skjerveholten nordvest for Åsvatnet.
Viestølen. Litt lengre mot Viestølen og Hunsrasta.
Soleimsdalen. Noko lenger og tyngre tur i nytt område frå Soleimsdalen mot Gjøsetvatnet.
Flugedalen. Litt tyngre tur på nytt kart i området opp mot Kvamsbakkestølen.