Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Raud tur Kinna

turen er åpen
Kartside for Raud tur Kinna
Forhåndsvisning av kartside du får ved kjøp av turen.

Heile turen er 3-4 km lang, med ei samla stigning på om lag 140 meter.. Terrenget er stort sett lett å ta seg fram i utan vanskelege område.  Men det er jamt over mykje myr, og ein bør vera skodd etter det.  Parkering og høveleg startpunkt er på velteplassen der skogsvegen vestover mot Vårstølen strartar. Postane vestover mot Vårstølen kan i stor grad takast ved å følje skogsvegen. Vidare blir det meir friorientering, der kompasset kan vera godt å ha.  Den store kraftlinja er eit sikkert haldepunkt.

Kulturminne

Post A6 ligg nær Vårstølen, som er ein av stølane til Refsdalen. Vårstølen vart, slik som namnet fortel, brukt om våren og tidleg på sommaren.  Utpå sommaren flytte dei buskapen over til «sommarstølen» i Kvanndalen.  Begge bruka i Refsdalen, Bendiktunet og NIlstunet, brukte Vårstølen, og det var to sel og to fjøs der. Bureisingsbruket Nytun frå 1932 fekk og ha kyrne sine på Vårstølen. Stølskvia vart slått og tørrhøyet kjørt heim på slede ved juletider. Nilstunet slutta med støling kring 1960, Bendiktunet hadde slutta tidlegare. NIlstuent slo stølskvia i fleire år også etter at det var slutt med mjølkekyr på stølen.  Fjøset til Nilstunet sto til fram mot 1990-talet.  I dag er alle dei gamle husa frå tida med støling borte, men tuftene ligg att.  Dei Inn i Refsdalen/ Bendiktunet sette opp nytt, lafta sel i 2001.  (Kjelde: Boka «Stølane i Førde».

Området turen går i

Siste anmeldelser av turen

Ingen anmeldelser for Raud tur Kinna enda.