Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Raud tur Kråkenesmarka

turen er åpen
Kartside for Raud tur Kråkenesmarka
Forhåndsvisning av kartside du får ved kjøp av turen.

Heile turen er om lag 5 km lang, med ei samla stigning på 150 m. Du kan gjerne dele turen i to etapper, ved å ta postane på nordsida av vegen (Førdefjordvegen) ein dag, og postane på sørsida av vegen ein annan dag.

Du kan starte turen frå fleire plassar. Eit høveleg utgangspunkt er parkeringsplassen ved alpinanlegget i Blomlia. Men du kjem raskast ut i terrenget ved å parkere på avkjrørsla rett før vegen svingar ned mot Kråkenesmarka skytebane og Blomlia alpinanlegg., sjå merking på kartet. Her er plass til eit par bilar. Pass ekstra på ved kryssing av vegen på grunn av uoversiktleg bakketopp.   Bilar held ofte høg fart her.

I terrenget som turen går gjennom er det fin og open furuskog og fleire små vatn som er gode haldepunkt, men det er få tydeleg stiar å følgje mellom postane. Å bruke kompasset for å halde riktig retning kan derfor vera lurt. Ved post G4 er det flott utsikt mot Førdefjorden. Posten ligg like ved Daurmålstjørna, og her er mogeleg å ta seg eit bad ein varm sommardag.

Kulturminne

Post G9 ligg tett ved den tidlegare stølskvia til Furevikstølen (Årvika sin støl). Furevikstølen ligg i eit ope og flatt område med myr og furerabbar nordaust for Fureviknipa. Aust for stølen ligg Slokedalen og Slokedalstjørna, og Krokelva frå tjørna renn forbi og lagar loner i myra like nedanfor stølen. Det var 5 bruk som støla på Furevikstølen (Larstunet, Martinustunet, Indrebotnen, Årvika og Furevikslåttene. Husa som står i dag er sel og flor til Furevikslåttene og selet til Årvika. (Kjelde: Stølane i Førde)

På turen kan du også gå innom Nedrestølen (Kråkevikstølen), dersom du legg tilbaketuren frå post G4 sørover mot skogsvegen som går til inntaksdammen for Kråkenes kraftverk. God omtale av stølane til bruka på Kråkeneset kan du finne i «Stølane i Førde, side 229-237».

Området turen går i

Kulturminner i nærheten

Siste anmeldelser av turen

Ingen anmeldelser for Raud tur Kråkenesmarka enda.