Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Svart tur Kinna

turen stengte 10. okt

Starten på turen er frå Kinnahaugane, der det er høve til å parkere fleire plassar. Ved å ta postane i rekkefølge er heile turen vel 4 km, og såleis ikkje veldig lang. Vi reknar likevel turen som «svart», dvs. krevjande, både på grunn av stigning på 265 m og fordi det er mykje friorientering utan tydeleg haldepunkt. Ved å følgje stien frå Kinnahaugane kjem du fort over skoggrensa og opp i oversikteleg terreng. Heile turen byr på fin utsikt, særleg mot vest og nord. Ved post A12 har du på ein godversdag flott utsikt vestover mot Hestane og Blegja. Eit stykke ned for posten ligg stølen Betnene, og har du tid kan du ta ein avstikkar innom denne, jamvel om du da får 140 ekstra høgdemeter på turen. Du kan finne informasjon om stølen Betnene på side 174-175 i boka "Stølane i Førde".

 

 

 

Området turen går i

Siste anmeldelser av turen

Ingen anmeldelser for Svart tur Kinna enda.