Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

IL Veten og Markane IL

sesongen er i gang

 

Velkomen til Turorientering 2020

IL Veten og Markane IL tilbyr Turorientering for heile familien.

Det er hengt ut 40 postar med varierande vanskegrad. Kvar post tel fem, sju eller ti poeng. Du må gjerne finne alle postane, men vi har lagt til rette postar for både nybyrjarar og dei med litt erfaring.

Postane er fordelt på 5 områder: Tverrfjellet, Vangen Vest, Stryn (Tonningskamben) , Faleidsstøylen og Ullsheim  Målestokk på kartet Faleidsstøylen, Ullsheim,  Tverrfjellet og Vangen vest er 1:7500 og Stryn 1: 5000. Ekvidistansen er 5m. Vi gjer merksam på at kartet på Tverrfjellet ikkje er blitt revidert de seinare åra. Her er litt endringar i terrenget med stiar og vegar som ikkje stemmer heilt, men området for turorientering er stort sett uendra.

De kan kjøpe enkeltturar (områder med postar) her på TurOrientering.no eller Turpakkar med alle postane. Ønskjer de å kjøpe konvolutt med ferdig printa kart er det muleg på 3 utsalgsstadar. Sjå link i menyen til venstre.

Postane har forskjellig vanskegrad, kor N er de enklaste og ligger i nær tilknyting til stiar og vegar, deretter C-poster som er litt vanskelegare og B og A-postane er litt meir utfordring. Dei som ligg lengst vekke av dei er tenkt for dei meir erfarne, men nokre A og B postar ligg ikkje så langt vekke slik at fleire kan prøve seg på dei.  N-post gir 5 poeng, C-post gir 7 poeng og B- og A-post gir 10 poeng. Det er forskjellig merkekrav for barn t.o.m. 16 år og frå 17 år og vaksne.

Merkekrav:                             0 – 16 år                     17 – 100 år

                        Bronse:             50 – 90                        91-130

                        Sølv:                 91 – 130                    131 – 210

                        Gull:               131 – 210                    211 – 329

 

Postane er teikna inn med ringar på kartet og det er skreve eit nummer ved kvar post, som du finner igjen på postane ute i terrenget. Nummeret er skreve som postnummer på kontrollkortet/klippekortet. Postane heng ute til 12.oktober.

Du kan ta postane i den rekkjefølgja du ynskjer, du kan bruke det tempoet som passar deg og du vel sjølv kor mange postar du vil innom på kvar tur.

Når du kjem til ein post, heng der ei oransje og kvit plate (post) med nummer på og ein lapp med ein kode på 3 bokstavar. Koden skriv du ned du på kontroll-/klippekortet som du sender inn ved sesongslutt  eller ved å registrere ein brukar på turorientering.no eller på telefonen med appen turorientering.

Dersom fleire vil gå saman på turorientering  kan ein på utsalgstadane kjøpe ekstra kart for kr 30,- og ekstra klippekort for kr 10,-.

I tillegg til at de kan oppnå gull- sølv- eller bronsemerke, vert alle som har levert inn kontroll-/klippekorta eller registrert seg på TurOrientering.no med i ei loddtrekning på ein ekstra premie. Dette blir delt ut på Årsfesten i oktober/november, som blir annonsert på nettsidene til Markane IL og Facebook.

Vi er takknemleg for tilbakemeldingar dersom de kjem til ein post, der post eller kodelappar manglar. Ring eller send melding til Henning Heimlid tlf. 416 85 617

Treng de meir informasjon eller hjelp til å kome i gang? Ta kontakt med o-gruppa i Markane IL ved tur-o-kontakt Henning Heimlid tlf.: 416 85 617

God tur, ha ein fin sommar og haust i skog og mark!

Helsing IL Veten og Markane IL