Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Os OK

sesongen er i gang

Orienteringsklubb (Os Ok) er ein ny orienteringsklubb stifta 11.12.2014.

I 2019 tilbyr vi tur-orientering på Lepsøy, Brandneset/Hetleflåten og Osøyro med til saman 90 postar. ​
Nokre stader er det brukt tradisjonelle tur-o postskjermar, mens det er satt ut stolpar der det passer best.  På Osøyro er det foto-skulpturorientering. Vi har postar ved mange kulturminner, du finn meir informasjon om nokre av dei i konvolutten.

Konvoluttane vil bli lagt ut for før påske, og vi arrangerer "Finn fram på Øyro" 27/4 i samband med "Vårslepp 2019".

For deg som kjøper tur-o på nettet (www.turorientering.no/osok)
Det kan være vanskeleg å få samme kvalitet på kartet dersom du skriv det ut sjølv. Vi tilrår at du bruker 120g papir.

På nettet finn du mange løyper. I konvolutten finn du berre dei turane som har namn som inneheld ordet "Postplukk".
Dei karta inneheld alle postane i eit område (30). Alle dei andre turane inneheld kun utvalgte postar som typisk til saman utgjer ein fin rundtur, eller ein tur som passar med barnevogn eller liknande.

Vi tilrettelegg også i år for funksjonshemma der dei som melder seg på deltar i en eigen konkurranse med nasjonal premiering. Det vert 4 løyper for denne gruppa. Turane sterter på Kuventræ og Osøyro. Alle turane har namn som "Grønn tur for alle..." dei er gratis og kan lastast ned frå tur-orientering.no.

Lagkonkurranse:
Det blir lagkonkurranse også i 2019. Det var ikkje så mange som deltok i 2018, men FanAgro AS var suverent beste bedrift.

Bedrifter eller skular som ynskjer å delta kan sende ein epost til leder@osok.no eller ringe mob. 4738 2657.
Hvis det blir minst 5 lag (eller 2 skular) i dei ulike klassane vil det bli premiering av dei beste laga.

Vi har delt lagkonkurransen i 3 ulike klassar: Bedrifter, skular og idrettslag.
Kvar enkelt kan delta i dei klassane ein vil, men kun for ei gruppe i kvar klasse.

Frå 2017 er det mogeleg å inngå turmedlemskap i klubben. Som turmedlem får du 50% rabatt på tur-o konvolutten når du hentar han i sekretæriatet på "Finn fram på Øyro" eller etter avtale heime hjå medlemmer i tur-o komiteen. Du får være med på treningar (med eller utan tidtaking), og du vert invitert til klubbens sosiale arrangement. Prisen for et turmedlemskap er kun kr. 200 pr. år.
Vi har plass til mange nye medlemmer i klubben, meir informasjon finn du her:  http://www.osok.no/om-oss/bli-medlem/
Ved årsskiftet var vi 64 medlemmer mellom 4 og 81 år.

På heimesidene våre finn du meir informasjon om klubben og dei tilboda vi har. http://www.osok.no

God tur!