Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Oselva

Oselva er kjend som lakseelv. Den originale laksestamma er aukande, og det same er samla fiskemengd. Dei siste åra har det årleg vore fiska mellom to og tre tonn laks og sjøaure i Oselva. I 2013 vart det teke ein laks på 18 kilo. Ei utfordring er gjedda som har innteke øvste delen av vassdraget. Heile Oselv-vassdraget er varig verna mot utbygging.

Fram til slutten av 80-tallet blei det dreve med perlefiske fleire stader i Oselvvassdraget. Elvemuslingen er utryddingstrua, mest på grunn av forsuring av vassdrag, og den er utrydda over store delar av den nordlege halvkula. Det fins 2 artar av elvemuslingen, hjå den eine lever larvene i laksen sine gjeller, den andre bruker sjøaure. Muslingen renser vatnet, og den kan bli meir enn 200 år gamal.
Elvemuslingen blei totalfreda i Norge frå 1993, og all fangst er forbudt.

På 1200-talet hadde munkane frå Lyse Kloster den største fiskeretten i elva, men dei rådde ikkje over elva åleine. Os prestegard var mellom dei andre som hadde fiskerett, og abbeden i Lysekloster kom i strid med presten i Os om laksefisket. Klosteret hadde laksekjera sine i Oselva like nedanfor prestegarden. Klosteret sette opp ein laksegard som stengde tvers over elva og gjorde at ingen fisk kom forbi. Striden mellom klosteret og dei andre rettshavarane varde i nesten 30 år. I perioden vart laksegarden riven og sett opp att fleire gonger. I 1229 gav abbeden i Lysekloster opp, etter at erkebispen i Trondheim då hadde sagt sitt.

Turer i nærheten av kulturminnet

Os OK har ikke lagt inn noen turer i nærheten så langt i 2021.