Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden byggjer båtar og tek vare på det eldgamle båtbyggjar- handverket. Her arbeider yngre og eldre båtbyggjarar i lag, dei unge for å læra oselvartradisjonen av dei eldre. Den tradisjonelle båtbyggjarkunnskapen om oselvaren er den mest detaljerte og komplette som finst i dag. Slik kan oselvar- byggjarane byggja båtar med nett dei eigen- skapane brukarane treng. Nokre timar kvar veke kan publikum koma inn på verkstaden og snakka med båtbyggjarane og sjå på når dei arbeider. Verkstaden har òg ei utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale.

Meir informasjon får du på heimesidene: http://www.oselvarverkstaden.no/

Turer i nærheten av kulturminnet

Os OK har ikke lagt inn noen turer i nærheten så langt i 2021.