Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Balandsneset

turer stengte 30. okt

Balandsneset er den staden du kjem aller lengst vest på fastlandet i Os kommune. Dette neset er i realiteten ei halvøy med mange hytter. Det er viktig at du viser omsyn til dei som eig hyttene, respekter derfor forbudte område merka med hagesymbol på kartet (mørk grønn).

Balandsneset er ein liten del av eit planlagt orienteringskart som skal dekke eit større område. Kartutsnittet har fått navnet "Lysodden" etter hyttegrenda. Vi har 15 tur-o postar i området. På kartet er det teikna inn nokre symbol for drikkepost. Tegnet betyr at her er ein fin plass å ta ein pause, ete og drikke det du har tatt med deg på turen.

Området er svært variert med idylliske viker, badeplassar, svaberg og høge stup. Det er typisk vestnorsk halvåpen furuskog når du kjem litt vekk frå vestsida. Det er fleire store tunge myrer på kartet, og sammen med ein del brake og bratte knausar må du rekne med å bruke noko lengre tid enn du er vant med når du er på tur. Men når du kjem fram til dei fine områda ser du at det var verd strevet.

Følg RV163 mot Drange, følg veien heilt til snuplassen. Like etter du har snudd er det plass til nokre bilar på høgre sida like forbi busstoppet.

Turer i området