Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Osøyro

turer er åpne

Osøyro er sentrum i Os kommune. Kommunen er ein av dei raskast veksande kommunane i landet og innbyggjartalet passerte 20.000 hausten 2016. 1. januar 2020 vert Os slått saman med Fusa til nye "Bjørnafjorden kommune".

Kommunen beskriv Osøyro slik:
Osøyro er den gamle strandstaden som har utvikla seg til eit moderne bygdesenter. Osøyro er eit trafikknutepunkt, og her finn ein kommuneadministrasjonen og dei fleste offentlege og private tenester både fastbuande og tilreisande treng. Senteret kransar seg om elveosen, og vender seg like mykje til sjøfarande som til vegfarande.

Heile området er fullt av store og små kulturminne. Her har vore 3 kyrkjer, kommunehus sidan 1884, fleire hotell, minst 240 båtbyggjarar og mykje meir. Vi i Os Ok vil setje fokus på nokre av desse kulturminna (både store og små).

Vi har arrangert Tur-O på Osøyro kvart år sidan starten i 2015. Vi prøver kvart år å endre litt på opplegget slik at alle kan finne løypene interessante. Løypene er likevel mest laga for dei som ikkje er kjent med tur-orientering frå før, eller for dei som ikkje er kjent på Osøyro. 

Vi lover at alle som fullfører vil sjå noko nytt, uansett kor kjent dei er i bygda!

 

Turer i området