Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Grønn tur Kyststien på Os

turen stengte 30. okt

Dette er ein fin tur med postar nær kyststien mellom Mobergsvika og Solstrand.
Vi tilrår å parkere der det er ein trekant på kartet. NB: Hugs parkeringsreglane i Os. På denne turen kan du gjerne ha med deg badetøy og eit fotoapparat.

Postane er merka med ein sirkel på kartet, midt i sirkelen finn du ein orange 1m høg stolpe med samme nummer du finn på kartet. I tillegg er det ein kode med 4 bokstavar som du bruker til å registrere postbesøket ditt på turorientering.no/osok.
Alle som registrerer minst 30 postbesøk på turorientering.no er med i trekninga om 2 overnattingar (inkl. frokost) for inntil 2 personer i dobbeltrom på et valgfritt Nordic Choice hotell i Norden

Nokre av postane har eit kulturminne eller ein skulptur i nærleiken. På stolpen finn du eit bilete og ein QR-kode du kan skanne med mobiltelefonen din. Då kjem du til ei nettside med informasjon om skulpturen eller kulturminnet.

Post nr. 295 vil ikkje stå ute til vanleg, men vil bli tilgjengeleg enten ein dag eller ei veke.
Følg med på http://osok.no for å finne ut når posten vert tilgjengeleg. Dette vil skje i samband med ein kampanje eller eit spesielt arrangement.

Området turen går i

Kulturminner i nærheten

Siste anmeldelser av turen

Les alle anmeldelser →