Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Osøyro alle postar

turen stengte 30. okt

Her finn du alle 55 postane Os Ok har på Osøyro i 2016. Skal du finne alle postane får du mange timar på tur.
Husk å registrere turen på turorientering.no/osok og bli med i trekning om fine premiar.

Postane gir poeng etter kor vanskelege dei er, samlar du poeng kan du oppnå gull, sølv eller bronsemerke.
På dette kartet kan du maksimalt oppnå 64 poeng. For å oppnå fleire poeng må du ta nokre av postane våre i skogen.
Vi har fleire turar på Brandneset, Hetlestraumen og Lysodden.
Dei finn du i tur-o konvolutten du kan kjøpe på utsalgsstadene våre, eller du kan laste dei ned herfrå.
Vi anbefaler tur-o konvolutten då kartet der har betre kvalitet enn dei fleste vil få på eigen skrivar.

Poengkrav for merke:
Born 0-7 år..:         Bronse 30, sølv 45, gull 60.
Born 8-12 år:         Bronse 40, sølv 60, gull 80.
Vaksne 13-69 år:   Bronse 60, sølv 90, gull 120.
Vaksne 70-79 år:   Bronse 40, sølv 60, gull 80.
Vaksne 80->         Bronse 30, sølv 45 , gull 60.
Funksjonshemma Bronse 30, sølv 45 , gull 60.

Poengliste ligg her: http://turorientering.no/osok/poenglister/2016/

Skulpturar er flyttbare. Vi reknar med at nokre av dei vil bli flytta i løpet av sesongen. Følg med på turbloggen for oppdatert informasjon om postane. å bloggen kan du og legge ut bilete og omtalar av din tur.

Det er svært tett mellom postane i sentrum, derfor har vi laga eit ekstra kart i målestokk 1:2500 for. Turen som har namnet "Grønn tur i sentrum på Osøyro" kan du laste ned frå turorientering.no. Dei som kjøper tur-o konvolutten finner kartet på baksida av det store "Tur-O kartet". Dette området er markert med ei purpur-farga firkanta ramme på det store kartet.

Området turen går i

Kulturminner i nærheten

Siste anmeldelser av turen

Ingen anmeldelser for Osøyro alle postar enda.