Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Totræna

turen stengte 10. okt

Greit utgangspunkt er parkering i Totræna Vinterpark.  Ta av frå Fv49 og følg skilt til Kvitingen/Totræna Vinterpark.

Postane ligg ved skiløypene og stinane som går ut frå denne.  Fiske i Fitavatn kan anbefalas - ikkje dei største fiskane, men det er mange av dei!

Ved post 59 anbefalar me ein tur bortom kvile- og utsiktsplassen Tohaugen:  Her er det sett opp tak over hovudet (stor "Gapahuk" der det er mogeleg å nyta medbrakt mat og varma / steikja /grilla.  Utsikta utover bygda og Samnangerfjorden er svært flott.

For dei som ynskjer å ta seg ein tur over tregrensa, følge stien mellom post 56 og 57 oppover - De er over tregrensa etter 5-600 m.  Høgste toppane nordover (Varane/Boganipa) ligg på vel 700 moh.  Her oppe er det også fleire fine fiskevatn.

Området turen går i

Siste anmeldelser av turen

Ingen anmeldelser for Totræna enda.