BEREKRAFTVEKENE 21
Stord kommune vedtok i oktober 2020 å bli nullutsleppskommune innan 2030.
I perioden 16.februar – 17. mars kan du og heile familien bli med på markering av dette viktige vedtaket ved å delta på stolpejakt for FN sine berekraftmål på Stord!
Inspirert av Fana Sparebank si Nattevandring og kubejakt vil Høgskulen på Vestlandet (HVL) saman med Stord kommune arrangera ei eiga stolpejakt for berekraftmåla.
Studentane på barnehagelærarutdanninga ved HVL sin campus på Stord har laga korte videoar som passar til kvart av dei 17. berekraftmåla. Når du finn ein stolpe kan du sjå videoen på mobilen din.
-----------------------------------------------------------------------------------
TUR ORIENTERING
Seinare i vår frå midten av mars kan du nytta denne appen til å ta del i Stord Orientering sitt turorienteringsopplegg STORATRAVEN og LITLATRAVEN kor du finn 90 postar i terrenget fram til 31.August
STORATRAVEN har ulik vanskegrad frå lett til utfordrande ( men ikkje nødvendigvis vanskelige) postplasseringar. Ein må gjera rekning med å bli våt på beina :-)
LITLATRAVEN har lett vanskegrad på postplasseringane. Dei er knytta tett opp mot sti og skogsveg system kor ein delvis greitt kan ta seg fram, men korte avstikkarar ut i terrenget må ein ta høgde for.
Begge turpakkane er eit flott og kjekt tilbod til deg som vil kombinera trim og friluftsliv. Ta med deg familie/vener og dra ut på postjakt!
Turorienteringspose med kart og informasjon kostar kr 150 for Storatraven. Litlatraven kostar kr 100. Du får kjøpt dette følgjande stader:
- Sport 1 - på Heiane
- Delli de Luca , (Esso)
- www.turorientering.no/stord/turer (digitale kart)
Kontaktperson:
Arne Henrik Hovden mob 951 18 640 tur-o ansvarleg