Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Kompasshistoria

Takk til Randi som fann igjen kompasset mitt. Det missa eg i august i fjor då eg var ute og samla inn postar etter vestlandsmesterskapet .
Det vart tydeligvis formange lausdeler å holda styr på ( postaskjermar, postbukkar, kart , samt ein hund ), så om ein misser eit kompass så merkar ein ikkje nødvendigvis da :-). Eg marka jo da etterkvart at eg mangla kompasset, men trudde eg hadde tapt det lengre nord (like ved post 24) då eg hadde meg ein liten pause på turen . Tok meg ein “leitetur” i vår , sprang innom tur-o postane 10-11-12 og la ruta nord mot post 24 for å sjå etter kompasset. Tenkte faktisk på veg opp mot post 11 “ her va da eg klurte litt med postane då eg fekk ein telefon sist eg var i området ,god sikring å ha mobil med seg på tur :). Tenkte ikkje at kompasset kunne vera der, då eg va “sikker” på at eg hadde brukt da lengre nord. Då eg såg meldinga frå Randi , var det berre å spørja om det hadde gult band og luftbobla i kompasshuset. Da hadde da :) . Kompasset er naturlegvis erstatta av eit nytt for lenge sio , men greitt å ha eit i reserve til ein annan gong ein skal hanka inn postar …...

Briller funne

Fant et par briller ved post 3 ( månedens post i mai) 2. pinsedag. Kan fås ved å ringe 95735785 eller 90753085.
Jonny og Åshild Huse

Trø varleg!

Ved post 9 heldt me på å trakka på tre fugleungar som var midt på stien/bekkefaret.
Me knipsa eit bilete, og skunda oss derifrå. Såg ikkje vaksne fuglar og veit ikkje heilt kva slags fugl det er, men det er det kanskje andre som veit?

Gjennomført fjerdetur og ferdig med kart ein.

Søndag og halvfint vær, syklane er klargjorte for sesongen, hjelm, hanskar, kart og kompass er klart. Me gjer ein kombinert tur i dag, syklar opp Vatnadalen til inntaksdammen, går til post 10, 11 og 12, syklar heimatt over Stua, Landåsen og Leirvik.
Det som er kjekt med sykkel er nedoverbakkane, det som er tyngre er oppoverbakkane, men dei er berre å møte med godt humør. Me kosar oss ned til Ådlandsvatnet og møter første veggen opp frå ‘Ådlandsstrando’ , men me har friske bein så det er greitt. Rundt Sagneset og inn på Vatnadalsvegen er det berre kjekt, trillar fint på flaten på Vatna oppover til Øvre Økland. Resten opp til vassinntaket vert tungt men sidan me skulle gå om litt så gjekk me lika godt siste metrane der og, nederlag er vel og eit ord. Så var det å finne postar , 10 låg der den skulle, 11 låg luftig og fint, takk til O-gruppa som tar oss opp på den toppen. Post 12 var og grei, så var det å følgje stien tilbake til syklane og rase nedover vegen. Me fortsette turen rundt Ådlandsvatnet, gjennom Landåsen og ned på vikjo, stoppa ved Osvald Pub, nye ute møblar var på plass, kanskje dette var plassen å ta nista. Vel heime var me svært nøgde med dagens innsats.

Stordalen- Litlabø

Flott og lang tur i Stordalen i nydeligt vårver.Fekk i tilleg til postar sjå Flaggspett og Storfugl på nært hold. Tur O e Vilt-Vakkert og Flott :-), legg ved to bilder frå turen.

Den gode tredjeturen

Torsdag ettermiddag, været er fint (opplett), me går ut for å forbetre situasjonen etter sist tur. 7 postar står på programmet og alt ser lyst ut. Parkerte bilen same plass som sist og dreg mot post nr 2 og 1 , dei var greie , kjent område etter sist tur. Innover mot garden på Vad, byksa over elva og opp i lia, flott område. Me skil lag inn mot posten, vurderer litt forskjellig, blandar samen kraftig svart strek med svart strek for god sti og svart strek med fleire strekar på som ein kammen for stup. Måtte høgt opp i lia, masse tre fall, og eg med kompass og forstørrelses glass fant den først. Det er jo ikkje alltid populært så mot neste post går me i lag. Så vart det ein lengre tur gjennom flott furuskog, til me kryssa dobbel høgspent linje akkurat der stien går under linja, då er det berre å surfe inn posten. Vidare er det og enkelt med plantefelt som vegvisar, vel framme var det ein fin opning i skogen, og eg såg posten på god avstand, ting går greitt i dag. No har me to att og dei skal være greie, må berre rundt gran feltet og utpå ei myr, men når me slepp taket i eine feltet for å få neste på høgre side så vert me av ein eller anna grunn dradd mot venstre og får brått dobbel høgspentlinje rett i mot . Då er det å snu 90 grader og komme seg opp mellom to åsar, her vert me jo overraska att desse åsane ute i skogen har namn. Vel ute på myra finn me post nr 9 og så kan me plukke nr 8 på heimveg. Heimover gjekk det fint, her har me vore før så det er berre å lange ut, me hadde hatt ein flott ettermiddag og oppe i all oppturen så la me store planar for søndagen. Då skal me ha niste med, la bilen stå ,ta post 10,11 og 12 nokre til oppe mot Fjellstova. No kan eg i ettertida seie at den planen rauk då fest i Samhald vart ekstra kjekk og tok lurven av oss, men det kjem fleire dagar.

Ute av kurs og ute av kart

Leita etter post 12, men “plutselig” dukka post 23 opp. Og den var ikkje på kartet “Hauglandskvedno” ein gong. :-)
Hadde eg hatt “Lundarstøl-kartet” med, hadde eg sett at det ikkje var langt til post 24. Så eit tips til dåke andre, ha begge karta med dåke oppi her.
Men Post=Post , og eg er like glad for alle poster som vert funnet.