Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

oppfordring !!

Hei :) ,Eg oppfordrar alle som er med på tur orientering å registrera klippa sine på nettet. Om ein går i lag ein familie, så kan alle registrera seg med egen brukar. Dette for å få eit meir korrekt bilde over kor mange som går tur orientering på Stord. KLIPP I VEG !!! :)

Hærverk post 21

Hei .
Me har desverre hatt hærverk på post 21 kor postkasse og bok er vekke .
Ny bok og postkasse er på plass , men navna til dei som har vore innom tidlegare i Juli er desverre tapt . Kan dei som har registrert seg på månadens post til og med 8. Juli senda oss ein mail slik at me kan få registrert dåke ein gong til .

Grovamarka.

Det er mykje tømmer som skal kjørast ut frå Grovamarka og det kan være ein fordel å ta postane 70, 72, 73, 74 og 79 før lastebæraren har øydelagt vegen. Allerede djupe spor frå E39 og rett forbi brua over elva. Post 71 er meir eller mindre omringa av djupe gjørmete hjulspor og for å sleppe å krysse desse meir enn ein gong kan ein gå over myra vest for post 70, men det er blaut og tungt. For dei minste vil eg anbefale og droppe den, eventuelt at ein vaksen tar den slik at ein kan få logga den.

Villvetter på postjakt

Dette er vårens vakraste eventyr for oss i Villvettene. Sjølv om me i utgangspunktet er godt kjent rundt omkring i skog og mark, finn me stadig nye turmål gjennom turorienteringa….

Her er det mykje læring, gode opplevingar, masse meistring og veldig spanande. Ungane er blitt kjempeflinke å lese både kart og terreng og i år har me i tillegg blitt kjent med GPS’n.

Takk til o-gruppa for jobben som vert gjort – med både Litla-traven og Stora-traven!

ferdig

Tradisjonen tru , så er nokre ferdige med alle postane i løpet av påsken . Nokre med Storatraven og andre har gått “all in” med begge travane komplett !! imponerande :- )

Turstav lokalisert :-)

Me kom over ein forkommen turstav ved post 34 i dag. De var i god behold og slo følge med oss til parkeringsplassen ved Vad. Der plasserte han seg trygt og godt mot hytteveggen (på den litle hytta som ligg like ved elva). Så no står han bare og ventar på eigaren sin :-)