Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Årets tur o sesong er avslutta

Hei . Då var hjortajakto i gong og vår jakt etter tur-o postar er avslutta for i år .
I år har det vore koronaeffekt på salet av posar og det er sett rekord for deltaking i både Litla og Stora traven.
registrering av kodar for turorientering sesongen vert avslutta no søndag kveld , så om du har postar liggande som ikkje er registrert så må det gjerast innan då.
trekking av månadens post vert utført søndag kveld når me stenger registreringa.
takk for di deltaking :-)
helsing
Arne Henrik

Vinnarar i Koronatraven

Hei .
Då er Koronatraven avslutta offisielt , men postane heng inntil vidare ute i Ådlandskogen og Landåsen. (dei rundt helsesportløypa er tekne inn)
totalt vart det registrert 3475 besøk på postane , fordelt på 230 personar .
det var bra besøk ! , takk til dåke som deltok :-)
det er tekt ut 5 vinnarar som får gåvekort på kr 300.
vinnarane vart :
Daniel Hellestveit
Svein Magnar Hagen
Ellen Tanggaard
Anne Loe
Leif Magne Malme

dei vil bli kontakta .

helsing
Stord Orientering

månadens post i koronatid

Hei.
Det vert litt endring av månadens post registrering iår sidan postkassen er teken vekk og ein sender sms eller registrerar seg i tur o på nett.

Dei som er registrert med klipp i tur o på nett når månadens post periode er inne ,er med i trekninga uansett kortid ein har vore på posten.

Lapp om månadens post blir hengt ut sidan det er mange som kun registrerar seg via sms for månadens post

Tur o instagram vinnar frå Stord !

http://www.orientering.no/nyheter/turorientering-var-godt-a-ha-i-pasken.
Nina Mæland Polden vann instagramkonkurransen som Norges orienteringsforbund arrangerte i påsken :-)
Gratulera så møkje !

Koronatraven – Gratis Tur orientering

Stord Orientering ønsker å bidra i dugnaden som pågår i Norge i dag i samband med Koronakrisa. Vårt bidrag er å laga til gratis tur orientering for å legga til rette for fysisk aktivitet for folk i alle aldrar.
Me har laga til 3 kart som ein finn for gratis ned lasting på nettsidene
www.stordo.no , og www.turorientering.no ( finn arrangør Stord Orientering)
• Koronatraven- Ådlandskogen , 12 postar , greie postar for dei fleste
• Korontraven- Landåsen, 10 postar , greie postar for dei fleste
• Koronatraven- Prestegardsskogen ,5 postar . Dette kartet er tileigna dei som ikkje kjem seg ut i skogen , men som kan ta seg fram på tilrettelagte gang/vegsystem med barnevogn, rullestol , krykker , syklar etc.
Alle postar er merka med ein ordinær orienteringspost med ein lapp som viser ein talkode som er postnr , samt ein bokstavkode som kan meldast inn på stord orientering si tur-o side på www.turorientering.no. Alle som er registrert på tur-o nettsida vår er med i trekning av 5 gavekort a 300 kr uansett kor mange postar ein tar.
Koronatraven vil bli avslutta 10.mai.

God tur i skogen 😊
Med helsing
Stord Orientering

Påminning ved ferdsel i naturen og nærområdet

Tur i naturen er flott !
I samband med Koronavirusets påvirkning på samfunnet generelt ser ein at naturen har vorte ein arena for trening og fritidsaktivitetar. Dette synest me i Stord-Fitjar turlag og Stord orientering er veldigt kjekt . Sidan det no er aukande aktivitet og det er fleire som ser gleden i dette , så vil me i denne samanheng minna om at ferdsel i skog og fjell har nokre gode grunnreglar.
Vis omsyn der du ferdast :
• Følg oppmerka sti/veg som leiar gjennom innmark til utmark, ikkje gå på innmark/dyrka mark, privat grunn
• bruk portar/opningar i gjerder når ein skal passere dette, hugs å late att porten, klatring over gjerder er ikkje «innafor»
• Vis omsyn til fugle og dyreliv både på innmark og utmark ( hald hundar i band)
• Følg mydighetene si oppfordring om avstand mellom personar mht smittefare
• Finn parkeringsplass som sikrar trygg trafikk og fri ferdsel for andre på vegen

Helsing
Stord -Fitjar Turlag og Stord Orientering