Vinter-t-o-uren 2020-2021
30 postar som kan besøkjast i tidsrommet 20.12.2020 - 01.03.2021
Kart kan lastast ned og kjøpast her på nettsida.
Postbesøk kan berre registrerast her på nettsida
Loddtrekking av premiar blant alle som deltar i dette tilbodet.
Ein særskilt premie blir trekt ut blant dei som har registrert besøk på alle dei 30 postane.
Vintertur 1:
Rundt Børshovda
15 postar ligg langs traktorveg og stiar frå Flatbruvatn/Joavatn og vidare fram mot Liervatn og til stemmen ved Røykeneselva. Derifrå går hovedtraseen langs traktorveg og elva til Ålfjordvegen. Du kan og ta ein avstikkar midt i rundløypa og klatra opp til den karakteristiske fjelltoppen, Børshovda.
Vintertur 2:
Storavatnet rundt
15 postar ligg langs turløypa rundt Storavatnet i Auklandshamn. Hovedtraseen føl godt oppmerka turstiar i småkupert terreng og idyllisk kystfuruskog langs traktorveg og sti midt mellom sjø og ferskvatn.