Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Ryvarden fyr

Ryvarden-neset, ved det verharde havstykket Sletta mot sør og Bømlafjorden mot nord, har vore eit seglingsmerke i over tusen år. Floke Vilgerdson, som seinare blei kalla Ramna-Floke, bygde ein varde på neset i 869. Neset med varden ligger like nord for grensa mellom Rogaland og Hordaland og fekk etter kvart namnet Ryvarden (varden mellom ryger og horder).

Det første fyret på Ryvarden kom i 1849. Den første fyrvaktaren var Jon Simonsen Mølstre. Han var kjøpmann i Mølstrevåg på midten av 1800-tallet og fyrvakter. Det blei bygd nytt fyr eller utvida ei rekke gonger fram til siste fyrmeisterbustad stod ferdig i 1958. Under ei av utbyggingane blei det tatt stein frå Floke-varden til bruk som grunnmur. Det blei i 1994 reist ny varde til minne om den gamle.

Fyret blei automatisert og fråflytta i 1984. Frå 1992 har Ryvarden vore brukt til kulturelle aktivitetar og blir omtala som Ryvarden kulturfyr. På staden er det i dag eit galleri i fyrmeisterbustaden. Der er og kafedrift, eit kunstatelier, Flókemuseet og ein representasjonsbustad.

 Bygningane på Ryvarden blir også nytta til andre kulturelle aktivitetar. Blant anna har gruppa Vamp spelt inn fleire av sine plater der. Sveio kommune kjøpte i april 2005 bygningane ved Ryvarden fyr frå Kystverket.

Ved Ryvarden fyr er det og eit minnesmerke etter Sleipner-forliset, som skjedde like ved. Snøggbåten MS «Sleipner» gikk på grunn på skjæret Store Bloksen og gjekk ned den 26. november 1999. 16 personer omkom i forliset.

Turer i nærheten av kulturminnet

Sveio OL har ikke lagt inn noen turer i nærheten så langt i 2018.