Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

SESONGEN 2014

I år feirer Tormod skilag 40 år som tur-O arrangør. Håper mange vil besøke O-kassene våre i år
Info blir lagt ut her så fort opplegget er klart. Pga masse snø i fjellet kan Tur-O sesongen bli litt forsinka.
Men planene er å få lagt ut poser for salg til pins.
Følg med på heimesida www.tormodskilag.no

Takk for i år

15.sept blir postene tatt ned.
Da avslutter vi sesongen og håper du har hatt mange fine turer på våre kart.
Takk for følgje

LOMSÆTRA

5 poster er lagt ut på kartet Lomsætra. Ca 20 min med bil fra Vinstra. Bomveg. Det er opp til den enkelte kva for post ein vil ta fyrst. (33 eller 37) Dette er i alle fall ei fin runde som passer for alle, også dei yngste i familien.
Ved vatnet Putten og post 36 er det ei idyllisk perle som det passer fint å ta ei kaffe/saft og matpause

Solbrådammen

Post 50 inngår i opplegget “Fellestur til ukens post”. Posten ligg på Vinstrakartet Ref.kode 451 296.
Dette er eit kulturminne, ei demning som vart bygd rundt 1880, med tanke på å skaffe vatn til garden Solbraa. Det vart litt fiasko, i og med at grunnen var slik at vatnet sank ned og vart borte.
MEN—13.juli 1927 regna det så kraftig at dammen vart fylt for fyrste gong. Det rant over og bekker rant nedover og gjorde skade både av veg og jernbane.
Muren er godt bevart.
Kjør opp Sødorpbygda. Ta til hø. der asfalten sluttar. Kjør til ein stor parkeringsplass. Gå stien ca 1.5 km. Ta sti til hø, ca 200 m. Ein fin kveldstur. Passer for alle. Barnevennleg

Sikkildalshornet:Post 56

Posten er satt ut i dag 19.juni. Det er heilt topp i fjellet nå.. Kartref.:993 174
Søndag 25.august er det fellestur hit.
Ikkje anbefalt tur for dei aller minste, pga lengde.

Post 44 Ytter-Odden kvea

Dette er ein idyllisk plass,ein setervoll med murer og tufter etter bosetting. Du kjenner at skuldrene blir senka når du set deg ned med nistepakka her.
Du finn plassen lettast ved å bruke kartet “Gamle sæterræk”.
Gå opp Øldalsvegen, ta til venstra til Søljurusta
På kartet er påsatt ei raud pil. Her er det sti.
God tur

Kartet Sorperoa.

5 poster finn du på dette kartet. I nærmiljøet og dermed kort veg til posten. Er barnevennleg og ein fin start på o-sesongen.

I tillegg er det lagt ved eit ark med bildeorientering.
Når du står ved posten, sjå på bildene og sjå om du kjenner deg att. Ved kvart bilde er det ein bokstav som skal bli eit ord… God tur

Langfjellet - Post 54

Gikk fra vegen ved Kongslikampen opp til Langfjellet som ligger på 1181 moh. Det er ca 200 høydemeter forskjell. Kjempefint vèr, matpause etter utsetting av posten. Fikk litt regn på tur ned fra fjellet, men en fin tur var det…

Loveslesætra. Post 47

Denne posten finn du på kartet “Gamle sæter-råk”. Tursti nr.5. Brei sti som er lett å finne. Du kan enten gå opp til gjerdehjørna der posten er. Eller ta bil/sykkel opp til sætra og gå ned til posten.Da går du forbi Loveslesætra. Fin utsikt fra her