Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

VINTER-O-Poster 2015

Som markedsføring av starten på Friluftslivets år har Tormod skilag satt ut 10 stk vinter-O-poster
Klyppekort kan hentes i postkasse ved tidtakerbua i lysløypa.
Postane blir tatt ned etter påske

Post 53. Vatningsgrøft Veslestra

Saman med kjentmann og historiformidler Roar Letrud vart dette ein utruleg spennande tur.
Historia om “vatningsgrøfta som ikkje kom i bruk” er ei sterk historie og korleis folk i “gamle dager” sleit og streva.
Å berre tenkje tanken om å grave grøft og lede vatn frå Gravdalen og ned til Kvam kan virke sprøtt, men historia fortel at arbeidet vart satt i gang, og vi kan tydeleg sjå merker i naturen der grøfta gjekk. Prosjektet vart av div.grunner stoppa.
( les meir i Fronsbygdin 2008)

Falkefangerhytta post 55

Ein post med historisk sus. Eit gammalt fangstanlegg for falk som var i bruk på slutten av 1600 talet.
I 1991-92 vart anlegget gravd fram og rekonstruert. Anlegget er det einaste i Skandinavia som er bygd opp att slik at ein kan sjå korleis fangst av falk og andre rovfuglar foregjekk.

Sorperokartet 6 poster

Dette er ei super løype for barn. 6 poster er lagt etter gode ledetråder. Lette å finne.Kan godt bruke sykkel. Eit tips er å telle lysløypestolper…...
Og om du er riktig lur tar du med kveldsmat og badetøy og avslutter postplukken med eit bad i dammen på Eidesand. Treng ikkje reise til Syden vi som har så fin sandstrand…... Ta ein tur da vel..

Tunebuhaugen 10 poster

8.juli var 16 stk på fellestur inn til Rasmusseter. Dette er ein lett tur, passer for barnefamilier. Det er opp til den enkelte kva for post som skal klyppes fyrst , og likeeins om ein vil ta alle postane på ein tur. Det kan kanskje virke langt heilt inn til setra, men du kan gå på sti heile vegen, og berre ta nokre små avstikkere bort fra stien for å klyppe postane.
Fint terreng, furumoer og kvit mose
Vi starta med post 24,så 25,18,19,22,21,20 og på returen post 26, og så var det kaffepause før vi tok med 23 og 27 på veg heim

Geocahe savnes

Geocache 04 savnes. Hvis noen har den i sin besittelse, vennligst legg den på plass igjen slik at andre også kan ha glede av å finne den. Kommer den ikke på plass i nær framtid ser det dårlig ut med gavekort til de som finner de andre cachene i år. Jeg har kodene på alle cachene, så kanskje da vinner jeg trekningen, det hadde vært kult asså...

Skårslåhaugen

Post 30 var mål for “Ukens post” den 1.juli.
Postane ligg i området rundt Solli. Vi valgte å parkere ved skytebana og gå til post 32 og 30 fra der. Litt lengere inn er post 31. Gå eller kjør dit. Det er lett terreng, mosekledde rabber og delvis sti. Resten av postane er det opp til den enkelte korleis finne. Eit alternativ er
f.eks å gå Tvelhaugråket og ta post 31, 29 og 28 .Til post 33 kan du kjøre nesten fram.
Dette er absolutt turer for heile familien

Ukens post. Kart: Gamle sæterråk

Fellestur til post 45. Utsiktspunkt med utsyn over Lomoen, Ruste og Sorperoa.
I utgangspunktet ein kort tur hvis du kjører bilvegen nesten fram. Alternativ er å gå fra Bøygen, turen blir da litt lenger.
I kveld valgte halvparten av dei totalt 18 deltakarane også å ta med post 44, “høgdepunkt Høa”. Ein litt meir krevande tur, pga lengde og stigning.
Etter turen kosa alle seg med kaffe , mat og kringle

TUR-0 SESONGEN 2014

I år feirer Tormod skilag 40 år som tur-O arrangør. Håper riktig mange vil besøke O-kassene våre i år
Opplegget er klart. Alle poster er på plass.
Følg med på heimesida www.tormodskilag.no