Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Turbloggen

Postane er tatt ned / Sesongen er avslutta

I vårt område starter elgjakta 25.sept. og vi har som mål å fjerne alle tur-O kasser til da. Mange som deltok i dette arbeidet fekk i tillegg til å bera kasser også ein kjempefin tur i strålande haustvær .
Takk for hjelpa

6 poster på Skårslåhaugen

Lett tur som går på sti, med avstikkere bort til postene. Veldig fint terreng, kan faktisk gå an å sykle .
Runda vi valgte var slik:
Kjørte opp Sødorpbygda, inn Temorkvegen og parkere der lyslinja krysser vegen. Vi starta med post 28, så 29 og 30. Ved Vollan gjekk vi til venstre rundt gjerdet der vi kom inn på brei sti.Der var post 31, Videre til 32. Posten vi brukte mest tid på var 33, for vi tok av stien litt for tidlig. Men slik er det. Det går sti rett til toppen, den fant vi må returen. Ein fin kveldstur som tar ca 1 1/2 time med “normal” gangfart.

Gnedden 1111 moh

I fantastisk turvær var vi på Gnedden. Ein fjelltopp som ligg på grensa mellom Sel og Nord-Fron. Gjekk frå Holsætra på godt merka sti. Gjennom skogen,videre opp på snaufjellet. Videre på kvitmåsårander med utsyn til Rondane, små fjellvatn, moltemyrer og sætrer.
Turen er lett, men litt stigning siste biten opp på toppen. Men ok å få litt puls før ein kan nyte medbrakt niste og kaffe. Takk for turen

6 poster på Vinstrakartet

Pilegrimsleden passerer gjennom Sødorpgrenda (Tokse- Gurilykkja, nedre Brenna)
Postane er lagt i , eller i nærheten av leden.
Dette var vegen til Nidaros ( Trondheim) i middelalderen .
Så du går på historisk grunn og dette er ein lett tur som vil passe dei aller fleste.

5 poster på Vardfjellkartet

Kartet er fra 1987, og det er ein del stier som ikkje er påtegna . Enkelte plasser litt tett skog, men ellers er området fint å gå i og det er ei fantastisk utsikt når du kjem oppom skoggrensa.
Vi valgte å gå fra 13 til 17, obs da at du held fram litt på stien fra 13 , og så ta til venstre inn på eit råk som følgjer myrkanten videre.
Fra 16 til 15 lønner det seg å gå ut av skogen og opp på høgdedraget, og videre ned til posten.
Ellers er det opp til den enkelte å ta sine vegvalg.
Vi (fellestur) hadde kafferast ved gapahuken derfor passa det godt å gå denne vegen og avslutte her.

5 poster på Lomsætra

Lomsætra må berre oppleves.Å koma dit opp er som å koma ut på prærien. Flatt som ei pannekake og utsikten mot Heidalsmuen er fantastisk. Hester og kyr koser seg på innsida og utsida av gjerdene. Det er også folk som ligg på sætra med dyra.
Kan anbefale å bruke sykkel . Så parkerer du den og tek små avstikkere til postane. Vi gjekk fra 24 til 26. Det vil eg ikkje anbefale. Det var eit parti der som var veldig blautt . Bortsett fra det var det ein fantastisk tur.

5 poster på Tunebuhaugen

Denne turen er lett og passer bra for dei minste i familien også. Kjør forbi Fefor, passer bommen ( 70.-kr) og videre forbi Langtjønna til ein brei skogsveg. Så er det berre å ta fatt på turen. Postane ligg på begge sider av stien. Vær obs på at målestokken er slik at 1 cm på kartet er 100 m. Det er lett å “prate seg bort” og gå for langt før ein starter å leite etter postane.

Milorg ved Storvatnet

Historisk post som ligg i Røyskattlia ved Storvatnet. Her er så vidt murrester etter Milorgkåken som Sverre Brenden bygde og brukte i okkupasjonstida 1940-45. Transportgruppa bar navnet “ACHILLES”.

Det er 3.5 km til kåken, fra vegkrysstet i Fiskdalen inn mot Storvatnet. Gå til du ser skiltet “Achilles”, og følg raud merking på trea.

6 poster på Sorperokartet

Lett tur i nærmiljøet. Passer godt for familier med små barn.Gå fra parkeringa i lysløypa. Dette er ein fin rundtur enten du starter med post 1 eller 6. Kan kombineres med ein tur på Eidesand, eit lite bad der, eller berre leike litt i sand.
Pga anleggstrafikk med støv og bråk vil eg anbefale turen ei helg, når maskinene står stille.
Da kan du nyte naturen, høyre fuglesang og sus fra elva. God tur

Auretjønn post 56

Dette er ei perle som ligg mellom Gålåvatnet og Feforvatnet. Stuttaste vegen er å gå skiløypa fra Fagerlivegen.
Andre alternativ er å parkere i krysset Gålå/Fefor og gå Sandslivegen innover 1-2 km. Ta av til høgre inn på brei sti/veg. Hald til hø i 3 kryss, følg brei sti, men ta ein litt smalere sti til ve når det begynner “bikke ned” mot vatnet.
Kan anbefales som sykkeltur