Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Voss IL

sesongen er avsluttet

O-gruppa i Voss IL arrangerer:  
Tur-O 2021 har 40 postar på 3 ulike kart: Ukvitne (10 postar), Lemmesmarki (10 postar) og Potten (20 postar)

TurO-pakken er klar frå 04.juni.

Informasjon om oppstart kjem på turorientering.no, på O-gruppa si facebookside; Voss IL, Orientering og på heimesida til Voss IL

Prisar:
Tur-O 2021 med 3 kart og 1 kontrollkort: kr 150-.  Det er  høve til å registrera postar på  kontrollkort, på nettet (turorientering.no) eller på app. (Søk "Turorientering" frå App Store eller Google Play) 
Konvolutt med kart og info kan hentast hjå Endeve Sport i Vangsgt, Sport1 Amfi, på turistkontoret eller på nett www.turorientering.no . Ved henting av konvolutt betaler ein med Vipps: #104698 Voss Idrottslag, Orientering eller til konto 3480 11 86892.

Tur-O 2021 kan også kjøpast via nett. Då kjem porto (kr 25) i tillegg.
Enkeltkart kan lastast ned frå nettet. (Turorientering.no)

-Treningsløp og O-løp: O-gruppa arrangerer også treningsløp og o-løp i sesongen som startar etter påske og sluttar omkring haustferien. 

- Stolpejakt: O-gruppa skipar til stolpejakt i sommarsesongen 2021. Vi tek sikte på å aktivisera alle uavhengig av funksjonsnivå. Det vert lagt ut informasjon på heimesida til Voss IL og facebooksida til O-gruppa.

O-gruppa fylgjer nasjonale råd m.o.t.smittevern. 

Medlemsskap: O-gruppa ynskjer at alle som deltek på aktivitetane våre, blir medlem i O-gruppa, Voss IL. Dette kostar kr 300,- for vaksne og kr 200,- for born. ( https://vossil.no/category/16 )