Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Skjedikane

Skjedikane (Skitdikane på kartet)
Garden ved post 38 heiter Skjedikane. Skjedikane vert også kalla Brochmannsgarden eller Kvitheim.
Bertram Dybwad Brochmann (1881-1956) var eigar av Skjedikane frå 1940. Han kalla garden for Kvitheim. Brochmann var forfattar, politikar og samfunnskritikar. Han var også ein av dei mest særprega tenkarar og samfunnskritikarar i Noreg i fyrste halvdel av 1900-tallet. Han grunnla og leia Samfundspartiet i 1930-åra.

Etter heimeundervisning med huslærar i barndommen mistreivst han sterkt på middelskulen, og avbraut skulegangen før eksamen for å ta gartnarutdanning i Noreg, Danmark og Tyskland. Han spesialiserte seg i frøkultur, og dreiv i 1906–11 gartnarforretning i Bergen. Seinare dreiv han forretningsverksemd i Kristiania og Stockholm, og var i 1924–27 styrar for Fuhrs gartneri i Grimstad. Deretter livnærte han seg som føredragshaldar og forfattar på heiltid. Frå 1940 dreiv han dessutan dette småbruket på Voss.

Brochmann begynte tidleg å interessera seg for samfunnsspørsmål, og var særleg oppteken av tilhøvet mellom individ og samfunn. Han var ein svært aktiv som folketalar, og ga ut mange bøker.  I 1933 grunnla Brochmann Samfundspartiet, og kom ved valet same året inn på Stortinget som partiet sin einaste representant. I Stortinget vakte han oppsikt ved ikkje å villa motta stortingsmannslønn: han “ville ikkje snylta på folket” i nedgangstid og naud, som han sjølv uttrykte det. Det vakte også oppsikt då Samfundspartiet, som det einaste på Stortinget, i 1934 stemte mot steriliseringslova, som heimla tvangssterilisering av m.a. tatarar og andre samfunnsmessig “uynskte” grupper.

Bertram Dybwad Brochmann grunnla i 1931 avisa Samfundsliv . Samfundspartiet og avisa Samfundsliv skulle vera “den lille manns talerør”. Avisa skulle vera eit «organ for mental, sosial og økonomisk nyorientering». Avisa var ei tidlaus, samfunnskritisk avis som kom ut med nye nummer heilt til 2010, det siste året med 4 nummer.

Kjelde: Biografisk leksikon, Wikipedia og http://www.samfunnsliv.no/

Turer i nærheten av kulturminnet

Voss IL har ikke lagt inn noen turer i nærheten så langt i 2021.